Mona (24) er yngste dotter etter Rolf Ove og Torunn Wold i Krossen på Evje. Me traff den smilande ungjenta på kontoret , ein av dei varmaste dagane i heile sumar. Mona er i strålande humør. I år he ho fenge sumarjobben ho he drøymd om sidan ho var ei lita jente. ” Eg gler meg til å gå på jobb kvar einaste dag” seier Mona og skjenker oss ein kopp nybryggja kaffe. Kaffekoking er og ein del av jobben når ein er yngst i staben. Les meir »



Vi ønsker å gratulerer med barnedåpen til Ella Tonette på søndag 5 juli. Gratulere så mye fra Beste, Keith,og tante Lesley.




Tidlegare i vinter vart det registrert utbrot av den frykta dyresjukdomen ” Blåtunge” i vårt distrikt. I Agder. Det er sjølvsagt storsamfunnet, og kvar einskild dyrehaldar, sitt ansvar å gjere sitt til at denne fælslege sjukdomen ikkje spreier seg frå fjos - til fjos. Eit av tiltaka er at det i sumar vert restriksjonar på å sende dyr på fellesbeite. Dette fører til auka utgifter for kvar einskild gardbrukar, og 16 mjølkebønder på Agder krev no full erstatning av den norske staten for uføret dei he kome opp i. Totalt dreier det seg om 340 kyr som ikkje kjem på sumarleir i år. Generalsekretær i Norges Bondelag, Harald Milli, ber no staten, den norske, opne lommeboka.
Evje Open International
Kalle Zwilgmeyer var tilbake på Evje og Dølen Hotel. Det var her det byrja i 1972. Han var lærar på Evje Skule (barne og ungdomsskulen) i tidsromet 1972 - 1974. Han minnast godt den tida. Ei tid kor Evje hadde det største visemiljøet i heile landet. 220 betalande medlemmar berre ein månad etter at viseklubben “åkkå tott” vart til! Kalle er kjend på Dølen. Ein stad han åt mange måltid på byrjinga av 70 talet. Han he lenge sett fram til å kome attende til Evje. Han hadde ei von om å treffe att elevar han hadde under kateteret då han var klassestyrar her.
Moisund.com er stadig på jakt etter folk med klåre - og sterke meininger. Folk som ikkje på noke vis er redde for å take eit standpunkt, men som samstundes he glimt i augo og sans for den gode replikken. Åseral er ei oppkome av slike heidersmenn - og kvinner. På ein av dei varmaste sumardagane møtte me Elling T. Eikerapen. Mannen er landskjend som personen bak ” Ellings Hage” på Eikerapen. Denne dagen var han på biologisk ekskursjon til Ljosland. Elling ville friske opp gamal kunnskap. Likevel var det heilt andre ting som fekk vår utsende journalist til å trive etter kulepenn og kladdebok. Elling T. fyrte laus. Ikkje med lauskrutt. 
VISITORTJENESTE I EVJE FENGSEL! Visitor i fengsel Røde Kors-visitorer skal være til støtte for innsatte i fengsel som trenger noen å snakke med. Ensomheten bak murene er utpreget og visitorbesøket kan være et kjærkomment tilskudd til en monoton fengselshverdag. Kjernen i visitormandatet er den fortrolige samtalen og visitorene skal møte den innsatte med respekt. Du kan gjøre en innsats
Ny ordning i år: Du kan røyste frå 1. juli
Tysdag ettermiddag klokka 14:28 small det kraftig på Syrtveitsletta - RV9, heilt nord i Evje & Hornnes kommune. Ein norskregistrert Mercedes klarte ikkje å fye stamvegen og reisa tok slutt i eit furutre på sida av vegbanen. Fire personar er send til sjukehus. 
















