Logo
Maskinsalg Honda1

Kurs hausten 2010

bygdefolkets logo

Bygdefolkets Studieforbund

Landbrukstilskot

Netthandel

april 2009
m ti o to f l su
    mai »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  

Foto Flickr

Kronprinsvitjing114

Kronprinsvitjing113

Kronprinsvitjing112

Kronprinsvitjing111

Kronprinsvitjing110

Fleire foto

Panelhvitt

På sida no:

  • 1 Medlem.
  • 14 Gjester.

Ingen grunn til panikk seier kommunelækjaren i Åseral.

I samband med at ein i Mexico har hatt sjukdomstilfelle med svineinfluensa, har me vore i kontakt med kommunelækjar i Åseral, Ann-Margret Haaland. Ho kan opplyse om at beredskapsplanane er oppdatert for å kunne takle ein eventuell epidemi.  Men ho ber samstundes folk om å ta det heilt med ro. Smitten er ikkje komen til Norge, og [...]

Kommuneplan for Evje og Hornnes

Kommunen har nå starta opp med å revidera kommuneplanen i Evje og Hornnes. Både samfunnsdelen og arealdelen skal reviderast. Før vi startar sjølve planarbeidet, må det utarbeidast eit planprogram. Planprogrammet skal seia noko om visjon og overordna mål, viktige tema vi skal sjå nærare på, kven som skal vera med i prosessen og framdrifta på [...]

No he dei rydda opp.

Paint Ball – banen på Moi

I fleire år he moisund.com holdt eit vakent auge med paint ball-banen på Moi.

Verksemda he sett ut som ei søppelfylling. Syklistar på tur nordetter på «Sykkelrute nr 1″ he trilla midt inn i dette elendet. Ei ufatteleg dårleg marknadsføring av bygda vår. No  he alt vorte så mykje betre. [...]

Feirar 100 års dag!

Evje og Hornnes Arbeidarparti fyllar 100 år dette året. Dette skal sjølvsagt feirast og markerast på høveleg vis. Leiinga i partiet vonar difor at det vert stort frammøte i samband med markering den 1.mai. Dagen byrjar alt med frukost kl 08.00. Etter dette går det slag i slag inntil dagen vert avslutta med jubileumsmiddag på [...]

Blomane på plass i Evje sentrum

«Blomsterstiftelsen» har no starta arbeidet med å pynte opp rundt om i kommunen. Måndagskvelden var dei på plass i Evje sentrum for å friske opp utanfor butikkene i samband med sentrumsbygget. Gamle sigarettsneiper og hundelort skulle byttast ut med Stemorsblomst. Heile 300 stk vart levert av kommunen sin representant, Notto Kjetså. Direkte levert [...]

Ein smak av India

Marit, frå Gnr 24 – Bnr 5, på Moi, er utdanna sjukepleiar og studerer for tida «Internasjonal Helse» ved universitetet i Uppsala.  Ho tek snart til med ei Masteroppgåve om ulike bolkar av helsestellet i India.  I samband med dette er Marit no i India på studieopphald, og he såleis send redaksjonen i heimbygda eit [...]

Avslutningsfest for Otra-håndball

Otra- håndball er ei svært så aktiv gruppe med mange lovande håndballspelarar. Tysdagskvelden var dei samla til avslutningsfest i den gamle mannskapsmessa på Evjemoen. Dei kan sjå attende på mange svært gode resultat i sesongen 08-09.  Det var, vel fortent, tid for premieutdeling, oppsummering og heiderleg omtale. I løpet av sesongen he 209 spelarar, på [...]

Meld frå dersom du he klein mobildekning.

Det Digitale Agder er i sluttfasen med forprosjektet for bedre mobildekning på Agder. I den forbindelse blir det gjennomført en kartlegging av dagens mobildekning, og det er ønskelig med innspill til denne kartleggingen. Vi ønsker derfor å få tilbakemeldinger på områder i Evje og Hornnes kommunen som har dårlig eller ingen mobildekning. Undersøkelsen gjelder alle [...]

Kappsykling på Bygland.

Jan Olsen frå Jordalsbø

Den langhåra, middeladrande buven frå Jordalsbø, Jan Olsen kviler så visst ikkje på lauvbera. Tysdag 5. mai skipar han til tevling i kappsykling på Bygland. Start og innkome ved «Glashytta.» Etter ein torturliknande kamp mot mjøkesyre, motvind, krampe og dårleg asfalt er alle velkomne inn i Glashytta. Her vert det servert [...]

Loppemarknad på Vatnestrøm

Gro-Anita Mykjåland

Ei aktiv ivelandsjente kontaktar redaksjonen for å fortele kva som skjer i kulturbygda i næraste framtid. Sjølvsagt rydder me spalteplass til slikt. Gro- Anita Mykjåland vil gjere kjent at det vert ein himlande loppemarknad på Vatnestrøm, laurdagen den 2. mai klokka 10:00.  Her kan du gjere eit røverkjøp du ikkje finn maken til [...]

Side 1 av 612345...Siste »