Seint sundag kveld var ein draum blitt virkeleg for Nina Irslinger. Presis kl 21:00 kunne denne tøffe jenta avslutte eit ekte maraton, eit maraton som hadde teke 36 timar! Trampeklapp og stormande jubel i ei fullsett Evje Kyrkje vitna om at dei frammøte var stolte over å få ein verdsmeistar i bygda. Flyboren direkte frå London kom diplomet som vitna om at Nina Irslinger, Evje, Norway hadde sett verdsrekord i speling på kyrkjeorgel.. Ho har skrevet seg inn i historiebøkene. Ein representant frå Guinness World Record i London hadde kome eins ærend for å øverekke det synlege provet. Ordførar Bjørn Ropstad kom med lenkja på. Han hadde med ein gåvesjekk på kr 10 000,-. Eit spleiselag mellom Evje og Hornnes kommune og Setesdal Regionsråd. Heile 50 personar var i sving for å hjelpe Nina undervegs. Uten desse hadde ein slik rekord vore vanskeleg å fått i hamn. Ide og regi har Nina sjølv stått for og ho har saman med arrangementstaben førebudd dette det siste halve året. Klokka 09:00 laurdagsmorgon tok ho til og 36 timar etterpå var ho i mål. Den gamle rekorden var slegen med heile 3 timar! Slik krev god fysisk form. Det har Nina. Jenta som tidlegare har sykla Noreg på langs. Sjølv om det lengste ho nokon gong tidlegare har spela orgel samanhengande er 6 timar så var formen fin og humøret på topp etter at rekorden var sikra. På spørsmål om ho vil gjere eit seinare forsøk på å slå sin eige rekord kom det kontant at dette gjer ein berre ei gong i livet. No skal Nina heim å sove. Ho skal sove lenge…det har ho fortent, men ho lovar å vere klar igjen til påskegudstenestane tek til! GRATULERE NINA! 
«Mia» frå Guinness World Record i London kunne stadfeste at verdsrekorden var godkjend!
Nina fekk mykje blome under tilstelninga. I bakgrunnen Åse Guldsmedmoen som er ei av dei som hjalp Nina undervegs.
![]() |
| Nina Irslinger |







