Grønemyrkiosken he vorte ein tradisjon for bygda – og eit høgdepunkt for påsketuristar på veg nordetter RV 9.
Dei hadde førebudd seg godt i år, investorane som stend bak den populære pylsebua. Solid marknadsføring, god mat, utvida meny, og kraftig skilting attmed riksvegen. Nytt av året var ein eigen bolk for borna. Bornehage, utan tilsyn. Her kunne dei små krabatane boltre seg i hop med frittgåande esel og geitebukkar medan dei føresette kunne kose seg med joletallerken eller ein variert pylsemeny frå restaurangavdelinga. Heile festen hadde i år ei meir familievenleg ramme. Resultata synte seg raskt. På vel ein time hadde kjøkkensjef, Olaf Kjetså lempa meir enn 100 pylser ut or luka. Gratis kaffe, Rolex-klokker på tilbod og grevlingkjøt frå Klepp Hovedgård gjekk unna som varmt kveitebrød.
God underhaldning for gjestane er viktig i påska. Mange sette seg på benkjeradene og lukka augo. Høyrde på musikken. Tid for ettertanke. Reidar frå Hægeland er ein meister på panfløyte. Han spela for det meste kjende og kjære, norske jolesongar – og folkemusikk frå Peru. Stemningsfullt og vakkert. Sjølv eselet, frå Frigstad, stod med attlatne augo då Reidar drog i gong med « Betlehemsvisa.» av Alf Prøysen.
Trafikken auka kraftig på ettermiddagen. Fullt på parkeringsplassen – og innkjøpsansvarleg Kåre Eikild vart eit grann blank i augo då han såg rekkja av handlekåte byfolk på veg opp mot kiosken. Spursmålet var om han hadde handla inn nok råvarer. Svaret fær me truleg ikkje før øve påske.
Tom Terje Haugland er ein verdensmann. Fleire gonger i året reiser ungguten verda rundt på jakt etter nye matrettar – og nye forretningsidear. Her syner han stolt fram matsetelen for Grønemyrkiosken 2009. Eit meisterverk.
[cincopa p3 10474171]








