Thorsland er ei lita grend mellom fjella i Longdalen, Åseral. Med eige flyplass er det grend som har kort veg til omverda. Her er og hovudkontoret til Thorslands Elektro. Ei verksemd som har ekspandert jamt med hyttebygginga i kommunen. Dagleg leiar Lars S Thorsland ynskjer ikkje reklame just no. Guten har alt for mykje å gjere og kan ikkje famne om meir på det noverande tidspunkt. Ordrebøkane er fulle slik at påskeferie vert det lite av. Medan byfolk alt er etablert på hytta si så er det fullt køyr for Lars og arbeidskarane hans. Alle skal ha hytta klar til påske. Finanskrisa kjenner Lars berre til gjennom media. Den har ikkje nådd Thorsland.Kva framtida vil bringe veit han ikkje, men fram til no he det gjenge alt kva reimer og tøy kan halde. Firmaet har måtte hyre inn ekstrahjelp for å halde unna. Me møtte arbeidsgjengen ein tidleg morgon på lageret heime i kjellaren på Thorsland. Full aktivitet før dei drog ut på oppdrag. «Tre av og køyr greit» var ordren frå dagleg leiar før gutane sette seg i bilane og drog ut, ut for å hjelpe hyttefolket til ei god påske. Service er noko desse gutane kan!

Frå venstre: Lars S Thorsland, Andrè Birkeland, Stig Andrè Thorsland, Tobias Lauvsland og Svenn Tore Thorsland






