x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

april 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
    mai »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  
logo-gsi

Skipa til restaurantkveld på bedehuset

040402For fjerde året på rad skipa ungdomsforeninga på Evje til restaurantkveld på bedehuset. På matsetelen stod m.a. kjukling, hamburgertallerken og lasagne – med tilhøyrande ris eller steikte potits. Det heile var nøye planlagt til kvar minste detalj. Eigen hovmeister, veldressert serveringspersonale og eit effektivt kokkelag på kjøkkenet. Telefonlinene var opne frå klokka 21:00 og folk frå heile bygda kunne såleis ringe og tinge varm mat til laurdagskosen. Utkøyring av mat – levert beinveges på dynna stod og på programmet.  Dei hadde tenkt på det meste, Siri Jokelid, Øystein Lie, Torstein Engesland, Tom Andreas Kallhovd og resten av den flotte ungdomsgjengen. Storsalen på bedehuset var pynta med kvite lindukar, stearinljos på bordet og dempa musikk i bakgrunnen. Så kom gjestane.
040402
Kjøkkengjengen. F.v. Kristin Tallaksen, Bente Lien, Anette Gletne, Karina Øydna, Elin Klungeland og Tonje Berg

040408
Ein romantisk middag for to. Glenn Byremo og Nina Bjoraa kosa seg med kulinariske rettar frå kjøkkenet.

040403
Kelner, Øystein Ljosland Lie, i full sving med servering av lasagne.Det er stil og klasse øve denna karen. Ingen nybyrjar.

040407 040401

På bilete til venstre, ein noke alvorleg hovmeister Sveinung Flaat. Han hadde full kontroll med laget av servitørar. Ein velsmurd organisasjon. Framme f.v. Runar Lunden og Tom Andreas Kallhovd. Bak f.v. Øystein L. Lie, Torstein Engesland og Tor Syvert Jokelid.
040405 040406
Så kom gjestane og fekk tildelt bord etter ynskje. Matsetelen vart delt ut, og det vart raskt diskusjon om kva ein skulle vele til hovudrett.. Både ved jentebordet – og ved gutebordet.
040404
Etter middagen var det høve til å take seg ein tur ned i baren i kjellaren. I « Kraftverket» serverte Siri både sprudlevatn og kaffe av ulik slag. Ein fin ungdomsgjeng.

Stengt for kommentarer.