x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

april 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
    mai »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  
logo-gsi

Tradisjon, appelsiner og grillpylser

folkKring 200 mennesk, i alle aldre, fann låma til Himmelsyna  1.påskedag. Ei tradisjonsrik samling med røter attende til 1967. Folk kjem farande både frå Høgås, Gautestad og frå Førevann i Mykland. Som det høver seg på slik ein dag vart det og andakt og salmesong.I år var det ein kar som lystra namnet Nils Kåre Strøm som tok seg av forkynninga. Han tala godt. Møtelyden sat tagale og heilt stille. Einskilde med falda hender og attlatne augo. Mykje godtfolk var samla. Toppfolk frå både politikk og næringsliv – og ein delegasjon frå Flatebygd. Det vart elda opp i grillen og mange fekk stogga svolten før dei ulike tevlingene tok til. Meir enn 100 deltakarar var påmelde i ei kunnskapstevling med spursmål om natur og vitskap. Natursti. Den røynde storhopparen, he vore, Jon Terje Hegghaug skipa til eit kraftig hopprenn for dei yngste deltakarane. Resultatlista for denne tevlinga er i skrivande stund ikkje tilgjengeleg for ålmenna.

flatebygd

Herr – og fru Nordbø slo seg i hop med den vidgjetne byggmeisteren Knut Flåt. Alle frå Flatebygd. ( foto: Geir Magne Feed )

Mest åtgaum vekkja nok den vågale kappkøyringa på ski, ned frå toppen av Himmelsyna. Stupbratt, mykje ungskog, høg fart og lang veg til lækjar. Det vart observert både avbrotne ski, rennande blod og sundrivne bukser i minutta etter målgong. Raskast av alle var Olav Birkeland medan styraren på Bilruta, Terje Greibesland, rann inn til ein heiderleg andreplass.

predikant

Forkynnaren heitte altså Nils Kåre Strøm. Ein likande kar vart det sagt.  ( Foto: Geir Magne Feed.)

ordf

Toppfolk frå både politikk og næringsliv var samla. Ordførar Ropstad t.h. ( Foto: Geir Magne Feed )

feed

Stengt for kommentarer.