Den mykje omtalte uregistrerte hønseflokken ein stad i Hornnes-bygda hadde sin første luftetur for året tidleg i påska. Etter å ha fått hønene – og ein særs vårkåt hane – ut i frisk luft, var det berre å overlate flokken til gjetarhunden på farmen. Hunden – ein fårehund – er kjøpt hos storbonden på Kallhovd. Kjøpet syner seg nå å vere mykje betre enn tenkt, med det den glade kjøparen har fått ein ekte hønsepassar med i handelen! Det blir spennande å sjå kva bygdas største og mest kjente hønsefarmar – den mykje omtykte læraren, kommunestyrerepresentanten og hobbybonden Egil Kjebekk – no vil gjere for å oppretthalde prestisjen som den framste hønsehaldaren i distriktet.








