x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

april 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
    mai »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  
logo-gsi

Med kraftig åtak på Freddy de Ruiter (Ap)

kjell-ingolf-1Kjell Ingolf Ropstad feirer påske i heimbygda. Alltid tilgjengeleg for media slik det høver seg ein komande Tingmann. Alvoret tek snart til for fullt. Valkampen er like rundt hjørnet. Vegen mot ein fast plass på Tinget er tøff. Den smale veg. Kven som vert hovudmotstander i valkampen he han vel ikkje heilt peika ut. Dei ulike partia sit framleis med korta tett til lekamen. Ropstad er , i likskap med mange sørlendinger, svært så skuffa øve måten sosialisten Freddy de Ruiter he representert austfylket på dei siste 4 åra. Ingen god mann for Aust-Agder. Då Nasjonal Transportplan nyleg vart presentert for ålmenna, kalla de Ruiter dette for reine jolekvelden for Sørlandet.  Ropstad kallar dette for ein heller sørgjeleg jolekveld.  0,15% av heile potten gjekk til vår region. Til heimfylket til Freddy de Ruiter. Det bør vel og vere kjend for dei fleste at det dei siste par åra er lagt ned store lokale ressursar for å få den nye Luftfartshøyskolen Sør» til Evjemoen. I eit nært samarbeid med m.a. Gullknapp i Froland. Freddy de Ruiter sit i undervisningskomiteen på Stortinget. Vår mann frå Aust Agder sit sentralt midt i prosessen. Lite å stole på. Kven andre enn de Ruiter kjemper for å flytte heile komplekset til Vest Agder. Ut av eige fylke. Freddy de Ruiter svikter velgjarane i Aust Agder. Korkje meir eller mindre.

kjell-ingolf-2

Dersom prognoser og meiningsmålinger held seg som i dag så vert Kjell Ingolf Ropstad å finne på Stortinget frå hausten av. I ein alder av 24 år er guten alt for ein røynd politikar å rekne. I 2006 møtte han på Tinget for fyrste gong. Den yngste representanten for Krf gjennom tidene. No møter han jamnleg på gruppemøte i Stortinget. Kvar onsdag klokka 15:00. Presis, og utan slips.  Guten er på førenamn med både Dagfinn Høybråten og Laila Dåvøy -og  innrømmer gjerne at han he noke å lære av Framstegspartiet.  Ikkje minst er dei folka gode på strategi og organisasjonsbyggjing. Dei er umåteleg gode til å kommunisere med folk, med kundane, på ein enkel og skjøneleg måte.  Der kan me lære mykje. Når det gjeld innhaldet i politikken så meiner Ropstad derimot at han ligg nokre hestehovud framføre. » Beste måte å avvæpne Frp på er å møte dei med politiske argument.»  Sjølv om valkampen ennå ikkje er offisiellt opna, så er Ropstad i full gong. Som leiar av ungdomsorganisasjonen, KrfU, er han ein etterspurd kar øve heile landet. Mange av sine potensielle velgjarar treff guten på nettet. Internett har vorte eit umåteleg viktig verktøy i politisk samanheng. Den som ikkje meistrar dette verktøyet tapar kappløpet lenge før oppløpssida seier  guten som oppdaterer sin eigen blogg omtrent kvar dag. Ingen skal vere i tvil om kva Kjell Ingolf Ropstad meiner, når me kjem til valdagen i september.  Ein mann for lokalmiljøet – ein mann for Aust Agder. Med andre ord,  det motsette av kva Freddy de Ruiter er i dag. I fylgje ein ung, lovande og ambisiøs politikar frå Moi beste vestkant. No stend det att å øvetyde store velgjargrupper om at Krf  ikkje berre er for bedehusfolk og emissærar.» Grunnverdiane i Krf  he truleg aldri vore viktigare for samfunnet enn dei er i dag.  Dette gjeld for kvar og ein av oss.  Den verdsomspennande finanskrisa gjer at mange i dag må tenkje på ein heilt  ny måte. I dag er det kan hende dei nære verdiane og dei nære relasjonane som betyr meir for oss  enn hyttepalass på fjellet, fine bilar,  bonusar og skyhøge løninger.» Kjell Ingolf Ropstad. Ung, lovande og svært så talefør politikar. Apell til dei fleste . Ikkje berre moifolk, setesdølar og dei frå Slettefet.

Stengt for kommentarer.