Jan i Slettefet (63). Ein kjend mann i bygda. Bilmekaniker, skodespelar og sauebonde. No om dagen er han fullt oppteken med sauefjoset. Ja ikkje berre om dagen. Lemminga er i full gong, og Jan he tilsyn med venene sine 24 timar i døgeret. Han ser attende med glede og takksemd på 10 år som mekaniker hjå Lantz Auto. Den gong verkstaden låg på Hornnes. Dåsåna var neraste nabo. Alf Lantz var verksmeister. Ei gild tid, seir Jan og fortel mange gode historier frå den tida. I snart 30 år he han dreve som sauebonde på småbruket sitt i Slettefet. Eit mønsterbruk. Ikkje ein kvist – eller ei barnål ligg feil veg på tunet. Du ser det sjølv når du passerer fotoboksen på riksvegen, i nordleg retning. Kvar vår er det lemming i fjoset hjå Jan. Eit like sikkert vårteikn for moifolk – som det er for Lars Breistøl når Linerla kjem til Kjetså.
Det er Spælsau som gjeld for Jan. «Ikkje noke anna er brukande» seier han med ettertrykk. » Dei gjeng så himla greit i hop på heia om sumaren. I flokk, kan du vete.» Kvart år, i byrjinga av juni, sender Jan saueflokken på heia. Høgfjellsbeite i Dåsvannsdalen. Her føler dei seg heime. Både sauane og sauebonden. Me blir med ut i fjoset. Jan vandrar roleg rundt, som ein skugge, og talar med venene sine. Lågmælt. Eit eige, uskjøneleg språk. Han fær ikkje svar, men skjøner godt kva dei meiner. Det er trygt og godt å vere Spælsau i Slettefet. Det gode liv. 24 søyer venter no på nedkomst. Er Jan heldig vil dette resultere i omlag 48 nye viltre, ustyrlege ulldottar. Talet på innbyggjarar, i Slettefet, aukar kraftig i slutten av april. Jan he turnus, 24 timar i døgeret, heile april månad. Eit godt liv seier han, og legg meir bjørkeved på peisen. Vaktstova på tunet he innebygd peis, sjenkeløyve for kaffe og ein ekstra stol for gode vener. Jan he mange vener – ikkje berre i fjoset. Våren er komen til Slettefet.






