x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

april 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
    mai »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  
logo-gsi

moisund.com – vegen vidare.

logo moisunddotcomVonleg he våre trufaste lesarar i inn – og utland fenge med seg at det vesle bygdebladet  no he skifta ham. Ny utsjånad og ny måte å presentere stoffet på. Tida var meir enn mogen for ei slik omleggjing. Ei radikal auke i talet på lesarar set krav til redaksjonen. Moisund.com he funne sin plass blant ulvane i den lokale presselosja. Frå å vere ei «russeavis» for nære vener – og for dei næraste pårørande, he bygdebladet frå Moi no funne si form, sin stil og sine trufaste lesarar. Me ynskjer sjølvsagt å utvikle oss vidare. Den vesle redaksjonen, med to tilsette, he store og ambisiøse planar. Nye aktørar er på banen, og eit regionalt samarbeid kan vere neste steg på livsvegen. Me lyt vandre varsamt. Steg for steg. Den redaksjonelle lina ligg framleis fast. Stødig som grunnfjellet. Moisund.com skal, som tidlegare, presentere lokalt stoff med eit glimt i augo. Me skal halde fram med å informere, annonsere og provosere. Den skarpe pennen, og eit høveleg fotoapparat, er framleis vår viktigaste reidskap. Slik bylgjene slær inn øve strendene på Jæren, slik vil moisund.com halde fram med å sende bylgjer inn i vårt lokalmiljø. Kan hende me ein dag må opp i høgda. Opp på ein fjelltopp for å sjå horisonten – for å sjå etter nye marknadsområde.  Kvardagen endrer seg. Moisund.com er inne i ei rivande utvikling og vil endre seg mykje. Eit sterkt merkenamn som me no vil byggje vidare på. Stein for stein. Du, som lesar av moisund.com, he mykje spanande i vente.

bylgjer1

Bilete frå Vigrestad på Jæren. ( foto: moisund.com )

Me er takksame for alle som sender helsinger, tips, bilete og reportasjar til redaksjonen. Dette vonar me Dykk vil halde fram med. Eit viktig bidrag for oss som stadig ynskjer å gjere det redaksjonelle innhaldet betre – og meir mangfoldig. Dersom Dykk he forslag til nye innslag – eller nye bolkar på nettsida så er me takksame for innspel. Det er saman med våre trufaste lesarar me kan kome fram til eit stadig betre produkt.  På førhand takk for hjelpa.

Stengt for kommentarer.