Onsdagskvelden var det skipa til kunstgrasmøte på Furuly (som etter snauhogsten av furu no må døypast om…). Her var alle dei sentrale personane på lokalt og nasjonalt plan samla under same tak, med eit felles ynskje om ein kunstgrasbane i kommunen. Tidlegare fotballpresident Per Ravn Omdal synte eit sterkt engasjement i saka og alle som var tilstades vart overtydd om at dette var noko å satse på. Han meinte at slike anlegg fleire stader rundt om i landet hadde vore med å sikra busettinga. » Har ein skule, tippekommisjonær og ein kunstgrasbane tilstades, då er busettinga sikra» , sa han. Han meinte og at ein skulle invitere Valle og Bygland på eit samarbeid, slik at ein kunne samarbeide med fleire baner i distriktet for å få ned kostnader. På sikt kunne ein kanskje få til ein eige serie for dei alderbestemte laga i Setesdal. Geirfinn Kvalheim som er anleggskonsulent i Norges Fotballforbund kunne syne fram reiknestykke for korleis drøymen kunne realiserast. Med tippemidlar, momskompensasjon og dugnadsinnsats er resten opp til budsjetthandsaminga i kommunen meinte han. Tony Halsall meinte tida var inne til at politikarane kom på banen, bokstaveleg talt, såg det ut som. Han meinte kommunestyret med ordføraren i spissen ikkje gjorde nok for idretten.
Møtet vart oppsummert med at leiar i Agder Fotballkrets og tidlegare tanksenter på Otra sitt A-lag, Kjell Johnsen lova full støtte frå fotballkretsen. Ordførar Bjørn Ropstad runda av møtet med å ynskje alle attende til opningsfesten - samt orda: «Dette skal me få til!»
Per Ravn Omdal var engasjert på møtet. Ein kunne sjå at dette brenn guten for…
Leiar i fotballgruppa, Geir Daasvatn var nøgd med møtet.
Per Ravn Omdal frå NFF, leiar i fotballgruppa Geir Daasvat og leiar av Agder fotballkrets Kjell Johnsen.





