Posten har framleis einerett på å levere brev under 50 gram i Norge. Eineretten gjer det mogleg å ha «enhetsporto», slik at det kostar like mykje å sende brev frå Sørlandet til Finnmark som mellom bydelane i Oslo. Godtar Norge EUs postdirektiv gjennom EØS, så mistar Posten eineretten. Men EØS-avtalen gir Norge rett til å reservere oss mot å ta slike direktiv inn i norsk lov. I Norge har vi fortsatt valget mellom anten å la postomdeling bli organisert etter samfunnsbehov som vi på demokratisk vis styrer, – eller vi kan la konkurransen avgjøre kva slags postomdeling det er lønnsomt for forskjellige postselskap å utvikle.
Utanlandske postselskap kjem berre til å ta opp konkurransen med Posten i dei mest tettbygde områda av landet. Mistar Posten nokre få storkundar til konkurrentar, så mistar Posten store delar av den postmengda som gir overskot. Overskotet frå desse mest lønsame breva blir brukt til å dekke underskotet som Posten har på brev til og frå distrikta. Statskassa kan sjølsagt dekke slike kostnadar ei stund, men dersom støtta til Posten skal måtte bli ein del av kvart einaste budsjettforlik på Stortinget, så vil postservisen til slutt tape for alle andre gode formål.
Posten har i over 350 år vore ein berebjelke i det norske samfunnet, men denne kan altså bli øydelagd av ein konkurranse som ikkje noko norsk parti har hatt i valprogrammet.
I land der konkurransen på postmarknaden er fri, får posttilsette auka arbeidsmengde, meir ubekvem arbeidstid og skiftarbeid, meir deltid og midlertidig tilsette på korttidskontrakt frå utleigefirma. Fast tilsette med tariffavtale og pensjonsordning blir skifta ut med kontraktørar som korkje har feriepengar, sjukelønnsordning eller pensjonsrettar, og med betaling langt under tarifflønn.
Erfaringar frå USA viser oss at kampen for Postens einerett på brev under 50 gram kan vinnast. I ei årrekke jobba fagorganisasjonene til dei posttilsette for å forhindre Bush-administrasjonens forslag om å liberalisere det amerikanske postmarknaden. Dei bygde opp ein brei allianse med lokale myndigheiter, lokalt næringsliv og organisasjonsliv til forsvar for det offentlige postmonopolet. Kampanjen førte til at Senatet i 2006 einstemmig avviste Bush-administrasjonens forslag.
Kampen for Postens einerett kan vinnast i Norge også hvis fagforeninger, bedrifter og lokale industriforeninger, bondelag og miljøforeninger, partilag og kommunestyrer samarbeider og fremmer kravet til regjeringa og stortinget om at Norge må reservere seg mot postdirektivet.
Årsmøtet i Aust Agder Nei til EU krev at Norge reserverer seg mot postdirektivet.






