x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

april 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
    mai »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  
logo-gsi

Er næringsutviklinga på Evje- stein daud?

evjeivekstlogoDen 3.mars 2008 vart det kalla inn til stormøte i den gamle kommunestyresalen i sentrumsbygget. Næringstoppar, politikarar og anna godtfolk var tilstades. No skulle næringslivet bløme. Med Evje Utvikling i spissen vart idear for framtida meisla. Dette var kvelden for dei mange festtalane. Ein kveld med ei verdlansering på agendaen. Ei flunkande ny heimeside vart lansera. Ei heimesida for framtida. Eit symbol for næringsutvikling. Evje I Vekst såg dagens ljos! No he det gjenge eitt år, eitt drygd år. Framleis er einaste nyhende på denne sida at det vert nytt møte på Skibsplast den 3.april kl 17:30. 3.april 2008! Moisund.com retta ein advarande fing under møtet den 3.mars 2008. Ein advarande fing mot å satse på ei heimeside utan at naudsynte ressursar vart sett av. Me meinte me kunne noko om dette. No eit drygt år seinare ser ein at denne sida som så mange andre heimesider er STEIN DAUD!

Kan hende nokon framleis trur at internett er noko som ikkje er kome for å bli? Det trur ikkje me. Ein kan gjere omtrent kva ein vil, men er ein ikkje synleg på webben så hjelp det lite. Då er det faktisk betre å fjerne ei slik side for almogen. Dette er rett og slett flaut og uverdig for ein kommune i vekst!

www.evjeivekst.no

evjeivekstintro

Stengt for kommentarer.