Onsdag var dei samla i kinosalen på Evjemoen. Fylkesordførar, ordførar, næringstoppar, bønder og byråkratar. Alle hadde dei eit felles mål, Framtidsbygda, eit levande bygdesamfunn i framtida. Eit tettpakka program med «Stadsutvikling og entrepenørskap» og «Framtidsretta landbruk» som hovudtema. Det vart sjølvsagt tid til mat, ein smak av Agder stod på menyen. Og for ein smak. Spekepylse, fisk, sauekjøt, hjort, elg, heimebaka stomp, lefse, flatbrød, frukt og grønt. Ja her var det mat for ein kvar gane.
Konferansen vart opna av Fylkesordførar Laila Øygarden og etter dette gjekk det slag i slag. Aldri ein liten kaffipause var det rom for. Det som var felles for alle var at det synast som om Ole Magne Omdal var den store helten. Iveland kommune og den omtykte ordføraren hausta heiderleg omtale og applaus ved fleire høve utøve dagen. Ole Magne fekk difor æra av å avslutte konferansen, ein konferanse med mange gode innlegg og ei lyttande forsamling.
Avluttningstala til Iveland sin store son, var intet unntak!








