
Gro Uldal
Gro Uldal er meir talefør enn dei fleste. Eit rivjern av eit kvinnfolk. Jenta er sjef for Road Runners MC -klubb på Evje. Denne helga er ho i tillegg sjef for eit aldri så lite vårslepp for motorsykkelfolket. Det er klart for det årvisse «treffet» på Kilefjorden Camping.Vermeldinga for helga er av det aller beste slaget. Linerla er komen og Gro stadfester at alle dei 72 medlemmene i klubben på eit eller anna vis er engasjert i arrangementet . Me treff Gro på telefonen. Oppglødd og proppfull av entusiasme. Denne helga venter ho meir enn 300 motorsyklar til treffet. Godt venskap, dans på vollen, leikarring i teltet og forfriskinger av ymse slag. Det vert ei livleg helg. Ei perfekt helg for kubikkgjengen. Road Runners MC kan dette. Ein røynd gjeng. I pinsehelga skipar dei til » Norgestreff «. Då kjem det truleg 3000 motorsyklar og eit ukjend tal eksosryper til bygda. Road Runners Mc (etbl 1982 ) er eit kvalitetsstempel i motorsykkelkrinsar. ( Foto: moisund.com)





