x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

april 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
    mai »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  
logo-gsi

Treng hundrevis av friviljuge.

dsc_0001Hovudkomiteen for Landsskyttarstemnet 2009 tok sete på Evjemoen, no på tysdagskvelden. Det er eit enormt puslespel som tek form, dag for dag. Leiar av HK, Leif Fjerdingstad, er like roleg. Leif veit han he med seg røynde og solide folk. Mange av dei he stort sett vakse opp blandt tomhylser og kruttrøyk på ein eller annan aude standplass i provinsen. Sundt bondevet, stø på handa, glimt i augo, klåre i hovudet og rørslege i lekamen. Eit vinnarlag.Dei store brikkene er no på plass. No byrjar spelet med dei små brikkene. Dei viktige detaljane som må klaffe for at dette skal verte ei vellukka tevling. Infrastruktur er eit mykje nytta ord i store samanhenger, også når det tevlast om kongepokalar og heidersprisar på skytebanen. Mobiltelefonar,datamaskinar, fiberkablar, pylsekokarar, parkeringsplassar, elektrisk strøym, ordonansar, fjernsynsdekning og høveleg tilgjenge for rørslehemma. Alt dette – og mykje, mykje meir må vere på plass før dei fyrste campingbilane og campingvognene rullar inn i nordre leir på Evjemoen. Fyrste veka i august.

dsc_00012

Hovudkomiteen (ikkje fulltallig ) F.v. Terje Moi, Terje Bystøl, Osvald Uleberg, Egil Juvastøl, Leif Fjerdingstad, Ingvard Aarhus , Anders Metveit og Paul Mjaaland.

Ingen tvil om at dette er eit løft – og ein dugnadsinnsats for heile bygda, og vel så det. Berre på stemneplassen og på campingplassen er det så langt meld inn behov for 325 dagsverk. Det vekkja åtgaum, og det var heilt på grensa til eit grann applaus då leiaren refererte eit tilbod frå partiet Høgre som ynskjer å jobbe dugnad under skyttarstemnet.  Dugnadspartiet Høgre lyfter i flokk og gjer ein innsats for fellesskapet, få veker før Stortingsvalet. Valkamp eller samfunnsengasjement, ja det speler inga rolle. Her syner i alle fall høgrefolk at dei ikkje fer med tome valløfter. Dei lyftar i flokk og fær samstundes høve til å møte 15 – 20 000 røysteføre personar frå heile landet. Logistikk og strategi på høgt plan. No venter me berre på eit kreativt utspel frå den raud – grøne bolken. Eit tverrpolitisk skyttarstemne, med Krf i vippeposisjon, kan syne seg å verte eit svært så vellukka samarbeid. Some kjempar om ein plass på pallen – medan andre kjemper om ein plass på «Tinget.»  Det skjer på Evjemoen i august 2009.

Stengt for kommentarer.