x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

april 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
    mai »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  
logo-gsi

Yohan – ein film frå barnevandringa i Agder

yohanlogo-111.desember har storfilmen verdspremiere, kan hende på Evjemoen Kino? Ein ting er sikkert, med den rekkja av skodespelarar og med Odd Hynnekleiv i Penelopefilm bak kameralinsa vert det ein suksess! Me har alt sett klypp frå filmen i ei lita førpremiere på Evjemoen i samband med konferansen Framtidsbygda på Evjemoen Kino. I desse dager vert det siste arbeidet med filmen unnagjort, klyppinga. Dette arbeidet vert gjort i ei lita hytte i Kyrkjebygda på Evje. Ein stad som Odd Hynnekleiv har mange gode minner frå. Det er sonen Tore som styrer saksa for å få filmen ferdig. Eit langsamleg arbeid. Då er det godt å få arbeidsro i ei hytte på Evje. Langt vekk frå storbyen mas. Slik er teknologien i dag. Ein treng ikkje avanserte studio for å gjere ein slik jobb. Sjølv ikkje for ein komande storfilm.

yohanlogo-1

Yohan – Barnevandreren,  er ein film om korleis mange ein gut på 10 år (Yohan) hadde det for over 100 år sidan. Han budde på ein fattig heigard i Audnedalen saman med foreldre og 4 syskjen. Han blir tvunge ut på vandring til dei rikare gardane lenger aust i Agder for å tene til livets opphald. Han må gjete dyr og passe buskapen mot ulv og bjørn. Filmen er basert på historiske fakta om barnevandringa på Sørlandet på slutten av 1800 talet.m

Odd Hynnekleiv og Ragna Marie Henden frå Penelope Film

Odd Hynnekleiv og Ragna Marie Henden frå Penelope Film

Moisund.com traff ein blid og optimistisk Odd Hynnekleiv som er produsent av filmen. Odd er kjent på Evje. Hans bestefar arbeidde i si tid i nikkelgruva i Flatebygd og han har tilbringa mang ein sommar i Kyrkjebygda. Hesjing og høyånn er velkjende hos denne guten. Han har mange minner frå bygda, mange gode minner. Ideen til denne filemen har han gjenge svanger med i mange år, nerare 20 år. Fyrst no har draumen latt seg realisera. Innspelinga av filmen har teke rundt eit år, men arbeidet med å samle inn histiriske fakta starta alt i 1990.

Etter storsuksessane Camilla og tyven I og II er dette ei ny satsing innan sjangeren familiefilm. Hovudrolla i filmen som Yohan vert spela av  10 år gamle Robert Pedersen Daniel frå Mandal. Av andre kjende skodespelarar kan nemnast Chris Kristoffersen, Dennis Storhøi, Agnete Haaland, Jørgen Langhelle, Alexander Rybak, Veronika Flåt Tjelle, Morten Abel, Alejandro Furentes, Morten Harket og mange fleir. Heile 100 skodespelarar og 500 statistar er nytta i filmen som i all hovudsak er teken opp «i dalstroka innanfor». Redaksjonen gler seg til premiera og utfrå dei klyppa me har sett er dette ein ny familiefilm frå Penelope Film som vil trekke mykje folk til kinolokala rundt omkring!

Sjå meir på www.yohan.no

penelopelogo-1

Stengt for kommentarer.