«Blomsterstiftelsen» har no starta arbeidet med å pynte opp rundt om i kommunen. Måndagskvelden var dei på plass i Evje sentrum for å friske opp utanfor butikkene i samband med sentrumsbygget. Gamle sigarettsneiper og hundelort skulle byttast ut med Stemorsblomst. Heile 300 stk vart levert av kommunen sin representant, Notto Kjetså. Direkte levert frå Setpro as. Ei lokal verksemd med eige gartneri. Blomsterstiftinga som tidlegare bar namnet «Stiftelse Evje sentrum» starta opp for 9 år sidan og har sidan den gong planta fleire tusen blomar rundt om i kommunen.
Rein dugnadsånd hjå folk med grøne fingre som liker å ha det fint kring seg. For nokre år sidan vart det sett i gong kronerulling for å finansiere plantinga. No er det stiftinga, handelsstanden og andre næringsdrivande som saman kommunen er med på å gjere dette mogleg. Om ein dryg månad tek hovudplantinga til. Fleire stader i kommunen vert vitja av dugnadsgjengen. Brua på riksvegen skal pyntast opp i god tid før landskyttarstemnet. 1300 blomar, 80 bytter og 2 blometårn skal vere med å gjere Evje og Hornnes kommune til ein gild stad å feriere for skyttarar og andre turistar.










































