Kommunen har nå starta opp med å revidera kommuneplanen i Evje og Hornnes. Både samfunnsdelen og arealdelen skal reviderast. Før vi startar sjølve planarbeidet, må det utarbeidast eit planprogram. Planprogrammet skal seia noko om visjon og overordna mål, viktige tema vi skal sjå nærare på, kven som skal vera med i prosessen og framdrifta på planarbeidet. Kommunestyret og enhetsleiarane har blitt utfordra til å tenke visjon, mål og viktige tema i to møter nå på nyåret. Mange gode tankar og idear for planarbeidet kom fram der. Desse tankane har vi nå samla i planprogrammet som er lagt ut til offentleg ettersyn fram til 15. mai. Noko av det vi har diskutera oss fram til er:
Visjon: Hjertet i Agder
Mål: Utvikle Evje og Hornnes til å bli et pulserende regionsenter i Agder
Tema:
1. Levekår
2. Kultur og fritid
3. Næringsutvikling
4. Regionsenter Evje
Sjå forslag til planprogram her
Alle interesserte vert oppmoda til å koma med innspel til planprogrammet! Kommunestyret vil vedta det endelige planprogrammet før sommaren.
Innspel til sjølve planen og arealdelen kan du senda nå eller venta med til sjølve planforslaget skal ut på høyring.
Arbeidet med tema i samfunnsdelen tek til i august, og vi vil satsa på fleire idedugnader og folkemøter for å få gode innspel og synspunkt til planarbeidet.
Har du noko du lurer på, må du gjerne ta kontakt med plan og miljøleiar Kari Røynlid, kari.roynlid@e-h.kommune.no
Telefon 37 93 23 33 eller 901 29 245.
Innspel og synspunkt til forslaget til planprogram skal sendast til
Evje og Hornnes kommune
Evjemoen, 4735 EVJE
Seinast innan 15.05.09.



































