I samband med at ein i Mexico har hatt sjukdomstilfelle med svineinfluensa, har me vore i kontakt med kommunelækjar i Åseral, Ann-Margret Haaland. Ho kan opplyse om at beredskapsplanane er oppdatert for å kunne takle ein eventuell epidemi. Men ho ber samstundes folk om å ta det heilt med ro. Smitten er ikkje komen til Norge, og sjukdommen er førebels ikkje spesielt smittsam mellom menneske. Det er ingen grunn til spesielle førehaldsreglar for befolkninga i landsdelen no. Lev normalt, og ta vare på deg sjølv slik du plar. Skulle situasjonen forandre seg vil kommunen sende ut informasjon til publikum.
Smittevernlegen følgjer utviklinga nøye og held tett kontakt med nasjonale helsestyresmakter. Meldinger og råd som kjem, vil bli fulgt opp.
Skulle det vere folk som har vore på reise i Mexico og sør i USA, og som blir influensasjuke, ta kontakt med legekontoret lokalt eller Kristiansand kommunale legevakt 38076930. Oppdatert informasjon om svineinfluensa med tips til befolkninga, kan lesast på Folkehelseinstituttet sine nettsider www.fhi.no .






