
Paint Ball - banen på Moi
I fleire år he moisund.com holdt eit vakent auge med paint ball-banen på Moi.
Verksemda he sett ut som ei søppelfylling. Syklistar på tur nordetter på «Sykkelrute nr 1″ he trilla midt inn i dette elendet. Ei ufatteleg dårleg marknadsføring av bygda vår. No he alt vorte så mykje betre. Eigarane, kven dei no enn er, he verkeleg rydda opp. Utanfor banen – og inne på sjølve stemneplassen. Slikt set me pris på. Det same gjer sikkert turistane frå inn- og utland som kvart år, i tusental, slit seg omtrent i hel langs den gamle jernbanelina.

Idyllisk hyttelandsby

Sykkelrute nr 1 - på grensa mellom Moi og Kjetså røystekrins.





