x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

mai 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr   jun »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
logo-gsi

Bever på Moi nyttar justert materiale!

beverMange har nok levd i den trua at beveren ikkje er så nøysom når det gjeld val av materialer til hyttebygginga si. Nå har me fått prov for at så ikkje er tilfellet. Ein familie som er i ferd med å busette seg attmed Gullringstjønn nyttar kun justert materiale i samband med bygginga. Om dette er for å unngå flis i kjeften skal vere usagt. Firmaet Montèr har samstundes nytta høvet til å reklame ovanfor andre familiar som er på utkikk etter ein ny bustad.

Under slagordet «Aldri ei flis i kjeften med justert frå Montèr», vonar dei å få fotfeste innan ei ny kundegruppe.

Montèr satsar på ei ny kundegruppe. (Foto:Odd Magne Strømstad)

Montèr satsar på ei ny kundegruppe.

Stengt for kommentarer.