Han har ikkje talet i hovudet på kor mange ulike slag dyr han har i fjoset. Harry Eikild er utvilsamt ein av dei gardbrukarane i landsdelen med størst utval av ulike dyreslag. Dei fleste hugsar vel fjernsynsserien om familien Larkins som gjekk for nokre år sidan. »Vareutvalet» til Larkins var lite i samanlikning med drifta på Eikild. Harry driv slektsgarden på Eikild i Åseral og har gjort det dei siste 20-25 åra. Tida gjeng fort. Han trivast med dette, og kunne ikkje tenkje seg eit anna liv.
Det er no avslutning på lemminga ( 300 vinterfora sau) og Harry ser fram til å kunne halde fram arbeidet med å utvikle gardsbruket. Eit sjeldant gardsbruk. Mange ulike bygningar i tillegg til fjoset. Ein oase midt i Lognadalen.

Harry Eikild meiner at eit døger, med berre 24 timar, ikkje er nok for å få tida til å strekkje til...
På Eikild fann me dyreslag som me knapt hadde høyrd om før og langt mindre sett! Krøllsvin, Landssvin, Boergeit, Dverggeit, Melkegjeit, Dvergsau, Spelsau, Dalasau, Pinto, Lettdøl, Lama, Høns (3 ulike raser), Gjess (6 ulike raser), Duer (4 ulike raser), Ender (2 ulike raser), Kanarifugler, Påfugl, Perlehøns, Hund og Katt. I tillegg til dette har han Aure og Bekkerøye i ein fiskdam i hagen. Fisk på langt øve kiloen! Ikkje rart guten meiner døgeret har for få timar!
Gardstunet til Harry er ein populær stad å stogge for vegfarande. Alle vil dei sjå seg rundt og sjølvsagt helse på alle dei ulike dyreslaga. Ein dyrepark i miniatyr. Einaste skilnad er at Harry fram til dags dato aldri har teke inngongspenger. Alle forventer at dette er gratis. Han har difor aldri kome seg til å spørje om betaling. Slik kan han ikkje halde på. Etter kvart har han skjøna at skal han halde fram med dette så må han nok gjere litt butikk ut av det. Det er kostbart å drive slikt dugnadsarbeid. Hadde eg ikkje lika det eg driv med så hadde eg heller ikkje halde på, seier Harry i ein kort pause. Alle talar i dag om «kortreist mat». På Eikild fær du ei kortreist oppleving. Ei god oppleving, berre sjå på den rullande bileteframsyninga under!





