x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

mai 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr   jun »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
logo-gsi

Terrengløp på Hornnes Stadion

ohIdrettslegenda Odd Harald Robstad kunne ynskje velkomen til terrengløp på Hornnes, tysdag 5.mai. Det vrimla av foreldre, besteforeldre og ikkje minst forventningsfulle ungar med startnummer  både framme og bak. Heile 67  startande kjempa om heider, ære og edelt metall i 3 ulike løyper. Dei yngste sprang 450 meter, gutar og jenter fødde i åra 1993 – 1997 måtte springe 750 meter, medan dei som hadde nådd røystefør alder, og eldre , vart slusa gjennom ei lang løype på nøyaktig 3400 meter. Langt nok i 9 grader celsius og kraftig motvind på oppløpet.Sjølvsagt var dei yngste i fleirtal. Likevel vart nokre eldre slitarar observert borte i skogbrynet. Odd Harald Robstad, Olav Robstad, Anders Hasseldal, og  Sigurd Wiberg, for å nemne nokre. Alle røynde idrettsfolk. Dei he sitt eige rituale før start. Blandar seg ikkje med allmogen. Tuslar for seg sjølve borte i skogen. Spyttar i lyngen og skvettar litt på furuplantene. Spurter litt på gjenngrodde skogsstiar. Planlegg løpet, minutt for minutt. På startstreken er dei varme i lekamen, kastar trøya og spring av garde. I stuttbukser. Dei gjev alt frå fyrste meter -  til dei passerer målstreken etter 3400 meter. Totalt utslitne. Dei veltar seg i grusen. Kroppsvæsker flyt fritt. Blod, sveitte, snørr og tårer. I morgon er dei like fjote. Slik er røynde idrettsfolk.  Så skuldar ein å gjere kjend at i tvekampen mellom far og son frå Syrtveit, læraren og dyrlækjaren, så var det han med reseptblokka i lomma som vann. Snappast av alle denne kvelden var Tom Andreas Kallhovd. Son av ein ikkje ukjend mjølkekontrollør, busett i Dåsvannsdalen.

Stian Syvertsen (5) følte eit visst forventningspress før start. For ei veke sidan stilde han til start på Vatnestrøm - og vann. No var han spened på om det var mogleg å gjenntake suksessen.

Stian Syvertsen (5) følte eit visst forventningspress før start. For ei veke sidan stilde han til start på Vatnestrøm - og vann. No var han himla spend på om det var mogleg å gjenntake suksessen.

Det var trengsel i skrivestova i minutta før start. Alle slag gruperinge hadde møtt fram. Road Runners MC, Otra IL og Olympic Team Norway. Ein mangla i grunnen berre Senterpartiet og Bandidis.

Det var trengsel i skrivestova i minutta før start. Alle slag gruperinge hadde møtt fram. Road Runners MC, Otra IL - og Olympic Team Norway. Ein mangla i grunnen berre jakkene til Senterpartiet og Bandidos.

Ein bauta i lokal idrottshistorie. Odd Harald Robstad. Få, om nokon i denne bygda he sprunge fleir mil enn denne karen gjennom blaute myrer, på frosen blåberlyng og på støvete skogsvegar. Ein heidersmann - og ein ihuga idrottsmann.

Ein bauta i lokal idrottshistorie. Odd Harald Robstad. Få, om nokon, i denne bygda he sprunge fleir mil enn denne karen gjennom blaute myrer, på frosen blåberlyng og på støvete skogsvegar. Ein heidersmann - og ein ihuga idrottsmann.

Ei fin samling idrottsungdom. Få minutt før start på Hornnes Stadion.

Ei fin samling idrottsungdom. Få minutt før start på Hornnes Stadion.

På startstreken. Ja då lyt ein ha lov til å studere konkurentane eit grann.

På startstreken. Ja då lyt ein ha lov til å studere konkurentane eit grann.

Når ein he kjempa seg gjennom 450 meter i kupert terreng, og kjem inn på oppløpsida med god avstand til konkurentane - ja då lyt ein ha lov til å smile eit grann til fotografen

Når ein he kjempa seg gjennom 450 meter, i kupert terreng, og kjem inn på oppløpsida med god avstand til konkurentane - ja då lyt ein smile eit grann til fotografen.

Stengt for kommentarer.