Gerd Lie, frå Flesberg i Numedal, kjem feiande inn som ein frisk pust blandt mjølkebønder, matkultur, kunsthandverk og andre aktuelle bygdenæringer. Etter 28 år, ma. som rektor og skuleinspektør i Osloskulen, er ho no klår for nye utfordringer. Kontorlandskap i andre høgda i sentrumsbygget på Evje. Midt i Agder. Ei prosjektstilling der ho, med hjelp av gode støttespelarar, skal profilere næringer innen landbruk, bygdenæringer, matkultur og opplevinger på Agder. Målgruppa er folk flest, både frå bygd – og by. Eit hovudmål i prosjektet er å auke interesse, produksjon, sysselsetting og verdiskaping i primærnæringa, og på denne måten bidra til vekst i regionen.
Landbruksmessa » Landbrukets Dag » he vore skipa til ulike stader på Agder i meir enn 50 år. Sidan 2004 he Landbrukets Dag vorte arrangert på Evjemoen, i regi av Bondelaga i Aust Agder og Vest Agder. No he denne store, og etter kvart, svært omfattande messa endra namn til » Naturligvis – mat, landbruk og opplevinger i Agder.» Målsettinga er heilt klårt å utvikle dette hovudarrangementet til eit produkt med stor publikumsapell, ein fagleg og sosial møtestad,ein kompetansestad for bonden, og ein stad kor landbruk og bygdenæringer vert presentert som eit attraktivt, spannande og framtidsretta yrkesval. 25 ulike eigarorganisasjonar innan landbruk og bygdenæringer på Agder he slått seg i hop i ein samskipnad som heiter » Landbrukets Dag.» Det er denne samskipnaden som stend bak dette prosjektet – og alle dei gode, optimistiske tankane. Ein «paraplyorganisasjon» kan ein vel kalle slikt. I fronten for det heile finn me altså Gerd Lie. Arbidsrøynsle frå Oslo. Oppvaksen på gard, og med eit sterkt ynskje om å få med seg fleire utstillarar på t.d. » Kulturtorget». Kunsthandtverkarar frå heile Agder er hjarteleg velkomne til Evjemoen i august. Dagane 14. – 15. og 16.august er det klart for «Naturligvis». Planleggjinga er langt komen, og kvar dag er det nye utstillarar som melder seg på. På veg ut av kontoret kan me høyre Gerd repetere orda: kortreist mat, småskala mat, kortreist for, gardsturisme, heimebaka stomp, kunsthandtverk og levande bygder. Jau, ho he lærd leksa si. Det skulle då berre mangle etter 28 år i skuleverket…

Gerd Lie - Naturligvis.





