Idéen om «Setesdalswiki» vart lansert under Setesdalskonferansen på Hovden Høyfjellshotell siste helga i april. Her var 50 deltakarane frå næringslivet i regionen samla. Setesdalswiki er ein wiki om Setesdal. Her vil det kome artiklar om personar,verksemder, organisasjonar, stader, geografi og anna i regionen. Det vil vere naturleg å take med relevante ting utanfor Setesdal. Alle kan skrive – det er lett å registrere seg og verte med som bidragsytar på Setesdalswiki. Du kan sjølv velje om du vil skrive på nynorsk eller bokmål, eller båe delar. Ein bør ikkje nytte to språkformer i same artikkel.

Næringslivstoppane i Setesdal på seminar! (Foto:Knut På Bøe)

Nokre av deltakarane kom øve fjellet...på truger! (Foto:Knut På Bøe)

Andre nytta meir tradisjonelle framkomstmiddel.... (Foto:Knut På Bøe)

Litt knuffing og slossing i starten til dei vart kjende med kvarandre. (Foto:Knut På Bøe)

Til sist vart dei alle vel forlikt og kunne delta på seminaret. (Foto:Knut På Bøe)





