Me vitjar kulturbygda Iveland. Same kor ein stoggar så tykkjest me vere velkomne. Folk he så mykje å fortele. Ivelendingene er stolte av bygda si. Med rette. Denne laurdagen set me kursen mot sjølvaste «kulturhovudstaden» Vatnestrøm. Her møter me ein gild kar som er døypt Trygve, og som ber slektsnamnet Fjermedal. Saman med Ivar Mjåland og Tommy Berg Andresen utgjer han «kalenderkomiteen» i bygda. Eit underbruk av paraplyorganisasjonen Vatnestrøm Grendelag. Kvart år sidan 2001 he dei gjeve ut den populære «Vatnestrømkalenderen.» Eit populært åndsverk som finnast under mange joletre . Kalenderen er alltid klår til den høgtidelege jolegråntenninga i den vesle stasjonsbyen. Trygve kan og fortele at han kvart år sender nokre eksemplar av Vatnestrømkalenderen ut or landet – og til austlandet. Når nye familiar flytter til bygda vert dei tekne i mot med fagre, venlege ord frå grannelaget – og sjølvsagt eit utgåve av Vatnestrømkalenderen.

Trygve Fjermedal syner stolt fram eit eksemplar av Vatnestrømkalenderen







































