x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

mai 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr   jun »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
logo-gsi

Det blømer på Setpro

blomeDet er varmt i gartneriet på Verksmoen. Kundane strøymer på – og sjefen sjølv, Einar Langerak, er sveitt i panna Det er høgsesong på Setpro. No om dagen er det tusenvis av «Stemorsblomar» som skifter eigar. Kvaliteten på blomane hjå Einar, og dei andre 5 tilsette på gartneriet, er av aller beste slag. Kundane er nøgde, og dei kjem attende år etter år. Gilde dagar på jobb. Einar trivast når det er eit grann aktivitet. Det skramlar frå kassa-apparatet og endå ein nøgd kunde ruslar ut med ein berepose i kvar hand. Våronna er i full gong. Seinare i sesongen vert det ei kraftig utviding av sortimentet. Vår utsende skribent er ikkje noko typisk hagemenneskje, men då me peiker på ei rekkje med blomepotter i taket, seier Einar at dette er » Hengepetunia.» Meir enn 600 slike heng no klar til utsending.  Unge Langerak er og særs nøgd med at både Evje & Hornnes kommune – og » Blomsterstiftelsen på Evje gjer sine innkjøp hjå Setpro. Ja, me kan utan atterhald tilrå våre sambygdinger, og andre i dalføret, å kjøpe sumarblomane sin i gartneriet hjå Setpro.

Badri Mustafa Abdullah er ei av dei tilsette i gartneriet. Her er ho i sving med å klargjere eit nytt brett med Stemorsblomar.

Badri Mustafa Abdullah er ei av dei tilsette i gartneriet. Her er ho i sving med å klargjere eit nytt brett med Stemorsblomar.

Einar Langerak legg siste handa på verket. 600 stk Hengepetunia skal snart ut i sol, frisk luft og sumarregn.  Dei he alle hatt ein trygg og god oppvekst hjå Setpro.

Einar Langerak legg siste handa på verket. 600 stk Hengepetunia skal snart ut i sol, frisk luft og sumarregn. Dei he alle hatt ein trygg og god oppvekst hjå Setpro.

Stengt for kommentarer.