x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

mai 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr   jun »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
logo-gsi

Ljosheimparken tek form.

husMe he tidlegare laga nokre innslag om den nye «Ljosheimparken» som no vert steld i stand i tilknytning til Evjeheimen. Her skal det lagast til eit fint uteområde som vonleg vil verte til glede både for dei som bur på heimen – og for dei som arbeider her. Anlegget vert og laga slik at folk som er rørslehemma skal få lett tilgjenge  til parken.  Som kjend tok moisund.com tidlegare i år eit initiativ til ei kronerulling med tanke på å gjeve eit bidrag til den nye parken. Mykje kronasje kom inn, både frå einskildpersonar og frå lokale verksemder. Pengene stend trygt på konto i sparebanken og ein høveleg sjekk vil kome styresmaktene på heimen i hende så snart tida er mogen for dette. I desse dagar er eit lag med handplukka, spesialtrente fagarbeidarar frå Evje og Hornnes kommune i full sving med hogst og grovplanering. Slikt arbeid må sjølvsagt planleggjast nøye, av omsut til både tryggleik og estetikk. Ljosheimparken tek form. Dag for dag. Eit nytt moderne hageanlegg i Evje sentrum. Ei frisk, grøn lunge i asfaltjungelen.

Ingen treng lure på kven som er anleggsleiar her. Furutrea vert lagt i bakken. Systematisk og målretta. På biletet kan det sjå ut som nokre er gløymd. Dette er berre eit spursmål om tid.

Ingen treng lure på kven som er anleggsleiar her. Furutrea vert lagt i bakken. Systematisk og målretta. På biletet kan det sjå ut som nokre tre er gløymd. Dette er nok berre eit spursmål om tid. ( foto T. Hodne )

Eit solid lag. Røynde arbeidsfolk, sterke i lekamen og godt førebudd på oppgåva som venter dei. F.v. Albert Kjetså, Notto Kjetså og Olaf Kjetså.

Eit solid lag. Røynde arbeidsfolk, sterke i lekamen og godt førebudd på oppgåva som venter dei. F.v. Albert Kjetså, Notto Kjetså og Olaf Kjetså .( foto: T. Hodne)

Medan fotografen var tilstades ville gutane syne fram dei siste knepa, den siste utviklinga i moderne hogstteknikk.

Medan fotografen var tilstades ville gutane syne fram dei siste knepa og den siste utviklinga i moderne hogstteknikk. Når 3 mann er så samkøyrde som desse karane, er det sanneleg ikkje lenge å styve eit velvakse tre. ( foto: T. Hodne )

Stengt for kommentarer.