Garden Strøyman ligg heilt nord i Moi røystekrins. Tett attmed åna – midtvegs mellom Gullringstjønn og go-kartbanen. Gunnar og Marie Strømme var dei siste fastbuande her. Dei flytta frå Strøyman på slutten av 1950 talet. No er det nye eigarar på staden. Det gamle sethuset måtte vike plassen for ny, og meir moderne bustad. Ei ny tid. Brannvesenet på Evje kunne kombinere dette med naudsynt og turvande opplæring for mannskapa. Tysdagskvelden tende Jerry Remme fyr på det gamle våningshuset. Kåre Eikild tok på seg hjelmen og gjekk i nærkamp med flammane. Ein kamp han berre måtte vinne. Kåre er ein røynd brannmann. Sterk i lekamen og klår i hovudet. Uredd.

Dei fyrste flammane sleikjer seg ut or vindauga på loptet. (foto: oddmund strømstad )

I dei fleste tilfelle, eit uhyggeleg syn. Her he brannmannskapa full kontroll. (foto: oddmund strømstad )


Jobben er fullført. Berre pipa stod att. ( foto: oddmund strømstad )

Tid for ettertanke, oppsummering og opprydding.(foto: oddmund strømstad )

Ein fin gjeng. Fagfolk i alle ledd. Ein tryggleik for bygda.( foto: oddmund strømstad )





