x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

mai 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr   jun »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
logo-gsi

Eit nytt produkt frå moisund.com

nt09-logo-liten-webDei fleste er vel no kjende med at det i pinsehelga vert skipa til eit himlande motorsykkeltreff på Evjemoen. » Norgestreffet 2009″. Arrangørar er sjølvsagt vår lokale MC- klubb.  «Road Runners MC» er vidgjetne øve heile landet for sitt gode miljø, flinke folk og dugande treffarrangørar. Frå 28 – 31 mai er det venta kring 3000 motorsyklar til bygda. Dette vil nok dei fleste av oss andre få ein viss kjennskap til – på ulike vis. Truleg berre positive røynsler. Moisund.com he alt  tenkt på motorsyklar, eksosryper, underhaldning og marknadsføring av bygda vår i lang tid. På oppdrag for – og i samarbeid med, Road Runners MC he me laga ei avis som alle deltakarane på treffet vil få utdelt. I tillegg vil denne avisa verte send ut til alle motorsykkelklubbar i heile landet. Avisa vert på 16 sider.  Moisund.com he hatt ansvar for bilete, og for å levere redaksjonellt stoff. Her vil lesarane finne orientering om sjølve treffet, men også ein solid presentasjon av bygda – og av kommunen i sin heilskap. Vonleg god og underhaldande marknadsføring. Språkleg form og redaksjonell stil slik ein kjenner det frå nettavisa moisund.com. Ein finn og fine fargebilete av både lensmann og ordførar der dei, kvar for seg, ynskjer gjestane velkomne til Evje & Hornnes. Eit nytt produkt frå bladstova på Moi er klart.. Fleire spanande prosjekt vil snart kome veltande  ut or skåpet. Vonleg til stor glede for stadig fleire trufaste lesarar i inn – og utland. Prosjekt som vil vekkje åtgaum i meir enn ein røystekrins.

Ei ekte eksosrype. Frå Moi

Ei ekte eksosrype. Frå Moi

Stengt for kommentarer.