x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

mai 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr   jun »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
logo-gsi

Gild ettermiddag på Moi

startDet vart ein gild ettermiddag på Moi, no om fredagen. Eit bel var det beint fram gryande teikn til trafikkaos på den gamle riksvegen. Ildsjeler i lokalmiljøet hadde satt i sving ein innsamlingsakjson av klede til trengjande grannar i Russland. Bil etter bil rulla inn på stemneplassen. Folk kom frå heile kommunen med sekkar fyllde med brukte klede. Kor mange hundre sekkar som til slutt fekk plass på ein stor lastebilhengar er det enno ikkje kome noke utreikning på. Det som er heilt sikkert er at det vart seld lodd, kaffe, kaker, pylse og brus for tett på 20 000 kroner. Ute på vollen var det tidtrøyte av mange slag. Tevling i ballkast, styltegåing, riding på hest  og sykling. Ungane hadde ein strålande ettermiddag.  Etter eit par timar i fri dressur var det samling i storsalen. Møtelyden fekk ei grei innføring i » Hjelp til Russland» av  Stein Harila. Denne karen he vore i Russland ei rekkje gonger og kunne med eigen dokumentasjon og levande fargefilm syne korleis innsamla middel vert nytta i vårt granneland i aust. Ikkje så forbanka langt unna vårt eige trygge og gode nærmiljø. Så var det trekning på lotteriet der det var flotte, verdfulle premier gjeve til formålet av representanter for det lokale næringsliv. Knut Steffen Torgersen vann ein brenn ny sykkel.  Raud på leten, bremser på båe hjula – og langt meir enn 20 gear.  Ei gåve frå SPORT 1 butikken på Evje.

For 20 kr vart ungane måla i andletet. Dekoratørar var Siri Moi Og Torunn Galteland

For 20 kr vart ungane måla i andletet. Dekoratørar var Siri Moi Og Torunn Galteland

Bussjåfør og turoperatør Tom Roger Øydne fann sin plass på tilhengeren.  Utkomandert for å stable sekker og øskjer med klede i fleire høgder. Han gjorde ein god jobb. Det skal han ha.

Bussjåfør og turoperatør Tom Roger Øydne fann sin plass på tilhengeren. Utkomandert for å stable sekkar og øskjer med klede- i fleire høgder. Han gjorde ein god jobb. Det skal han ha.

Irene Lien og Malin Kallhovd frå " Stall Moi " vart populære blandt dei yngste då dei kom ridande inn på stemneplassen.

Irene Lien og Malin Kallhovd frå " Stall Moi " vart populære blandt dei yngste då dei kom ridande inn på stemneplassen.

Hesteriding vart ein populær aktivitet. Her er to lokale ryttarar i full gallopp øve dei endelause jordene på Moi.

Hesteriding vart ein populær aktivitet. Her er to lokale ryttarar i full gallopp øve dei endelause jordene på Moi.

Det var ein nøgd mann frå arrangørstaben, Stein Godtfredsen, som kunne takke for frammøte, for gåver ,for klede og for god handel i matdiskenEit vellukka arrangement og ein gild ettermiddag på Moi. Det er gildt når grannar kan møtast slik.

Det var ein nøgd mann frå arrangørstaben, Stein Godtfredsen, som kunne takke for frammøte, for gåver , for klede og for god handel i matdiskenEit vellukka arrangement og ein gild ettermiddag på Moi. Det er gildt når grannar kan møtast slik.

Stengt for kommentarer.