Ho er fødd og oppvakse på Longerak i Bygland, men som så mange andre jenter så drog ho ut i verda etter fullførd folkeskule. Framleis saknar ho heimbygda og ho har difor stadig reist meir og meir heim til Bygland etter at ho byrja arbeidskarriera på Nordkapp. I dag er Bodil Langerak busett i Grimstad og venter sitt fyrste born i byrjinga av august. Som direktør for Rica Hotel Grimstad har Bodil meir enn nok å henge fingrane i. Me traff den blide og aktive jenta då me vitja hotellet i samband med ein reportasjetur til Grimstad.
Så snart Bodil hadde fullført folkeskulen måtte ho reise frå Longerak for å få seg ei utdanning. Kokkeskule var den gong det som freista mest. Etter utdanninga arbeidde ho fleire år som kokk.. Yrkesvalet synte seg å vere rett og Bodil tok til på vidare utdanning ved Hotellhøgskulen i Stavanger. Karriera skaut fart. Før ho kom til Grimstad i 2007 hadde ho i fleire år arbeidd som driftsdirektør i Rica- kjeda på Nordkapp. Eit støre sprang enn frå Nordkapp til Grimstad skal ein leite lenge etter. Frå landets mest nordlege Rica hotell til landest sørlegaste. Det var ikkje berre direktørjobben som freista Bodil til å vende nåsa mot sør. Lengting til heimtraktene var og ein viktig årsak. I dag bur ho midt i Grimstad by og ein skal ikkje sjå bort frå at denne jenta i framtida kan kan vere den som på ny blæs liv i hotellnæringa i nedre Setesdal. I dag trivast ho godt som Grimastadjente -med Byglandsdialekt.

Med utsikt øve heile byen trivast Bodil Langerak som direktør for Rica Hotel Grimstad.

Me vart guida rundt på hotellet av direktøren sjølv og fekk høyre historia til hotellet og ikkje minst diktarbyen Grimstad....på Byglandsdialekt om en noko utvaska!

Rica Hotel Grimstad - midt i bykjerna av Grimstad.





