Trelasthandlaren frå Kile, Pål Olsen, er ein engasjert talsmann for songkoret » Himmelsusen.» Koret he ligge brakk nokre år, men i den seinare tid he ein venegjeng funne ut at no er det tid for å freiste marknaden på ny. Markanden, ja den er lett å definere. I fylgje unge Olsen så er marknaden dei gamle ærverdige bedehusa som ein finn omtrent i kvart eit grendelag ute på landsbygda. Spelelista er det heller ikkje mykje løyndom kring. Pål seier dei vil freiste å blåse liv i gamle, kjende, kjære og tradisjonsrike bedehussongar.Pål Olsen, saman med venene Ronny Landås og Vidar Klungeland he fenge med seg ein solid gjeng staute gutar frå Evje & Hornnes, Iveland, Hægeland og Byremo. Ei gong i månaden samlast dei til intensiv korøving – og sjølvsagt sosialt samvær. No føler dei seg trygge på både innhald og framføring. Ja dei er beint fram så øvetydde at dei den 15. mai vil syne seg fram for publikum. Åstaden er Hornnes bedehus, og dei venter sjølvsagt fulle hus – dei næraste pårørande medrekna.

Slik ser dei ut - og dei kallar seg "Himmelsusen." ( foto: oddmund strømstad )





