x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

mai 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr   jun »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
logo-gsi

Nøgne Ø – eit draum som vart verkeleg

mikrobryggeriet5Den eine fekk interesse for gjær og gjærprodukt då han hadde sumarjobb hjå ein bakar, medan den andre dreiv med ølbrygging heime i garasjen sin i Risør. Når desse to karane så møttast, tok det ikkje lang tid før dei tok til med å etablere ei verksemd innan ei næring som elles var i fritt fall. Bryggeri rundt om i heile landet vart lagt ned, det eine etter det andre. Her kan ein tale om kjerringa mot straumen! Vinteren 2002 skipa Gunnar Wiig og Kjetil Jikiun eit eige aksjeselskap som skulle lage øl. Nøgne Ø såg dagens ljos. «Det kompromissløse bryggeri» vart til på Bergemoen i Grimstad. Dei heile tok til med å nytte ein ombygd mjølketank ute i garasjen. I april 2003 vart det fyrste brygget sett. Etter at media fatta sin interesse for desse to kara og deira produkt, tok det ikkje lang tid før produksjonslokala og utstyr måtte byttast ut. Det tok av! mikrobryggerietI 2006 var verksemda på plass i lokala til gamle Rygene Kraftstasjon. Det som gjer produktet til Nøgne Ø så spessielt er at her vert det brygga på gamalt vis som er båe tidkrevjande og kostbart. Dette er ikkje eit produkt som vert masseprodusert på snarast mogleg måte. Kvar ei flaske er handsama av mennskjehender. Det er sjel i ølet.

I dag vert det produsert 34 ulike slag øl på mikrobryggeriet. Med sine seks tilsette nådde verksemda i 2008 ein produksjon på 250 000 liter. Av denne produksjonen vert rundt 50 % eksportert til utlandet. Land som Danmark, Sverige, Finland, England og USA er alle land som set pris på Grimstadølet. Dei tek sikte på å nå ein produksjon på 500 000 liter årleg innan ikkje for lang tid. Sidan ølet gong etter gong henter heim gjeve priser frå inn og utland i samband med ulike smakstevlingar, så trur dei ikkje det skal vere noko problem å få seld dette. Det er ein enorm etterspurnad etter produktet.

Alt 16.mai opnar dei ein eigen resturant i Arendal. Tyrste sumarturistar skal få smake på det lokale brygget. Dei er oppteke av det lokale og driv difor eit forsøk på leveranse av lokalt korn og humle til produksjonen. Målet er å gjere Nøgne Ø til eit 100% reint øl frå Grimstad!

Produksjonslokala til Nøgne Ø

Produksjonslokala til Nøgne Ø

Dagleg leiar, Kjell Einar Karlsen tok i mot og synte oss rundt i produksjonslokala. Ein historieforteljar av dei sjeldne...

Dagleg leiar, Kjell Einar Karlsen tok i mot og synte oss rundt i produksjonslokala. Ein historieforteljar av dei sjeldne...

Nøgne Ø kjem på brune glasflaske slik øl skal. Det er og mogleg å få ølet rett frå tappekrana. Fatøl kallast slikt!

Nøgne Ø kjem på brune glasflaske slik øl skal. Det er og mogleg å få ølet rett frå tappekrana. Utan tilsetjing av kullsyre. Ekte fatøl kallast slikt!

mikrobryggeriet3

Mange ulike sortar har kome til så lang....og fleire kjem sikkert.

Mange ulike sortar har kome til så lang....og fleire kjem sikkert.

Når det gjeld vitjinga i produksjonslokala så skal me ikkje gå inn på det einskilde ølet sin smak. Det smakte godt. Utruleg godt. Me smakte på mange ulike slag. Dette er eit øl som kan erstatte vinen. Øl til dei ulike måltida. Eit øl brygga på kjærleik. Brygga etter gamal tradisjon, utan tilsetjing av kolsyre. Ein naturleg prosess med sluttgjæring på flaska. Heretter er det slutt på «sixpacken». No har me fått smaken på ekte saker. Eit ekte lokalt brygg!

mikrobryggeriet4

Stengt for kommentarer.