
Mjølkekontrolløren i Dåsvannsdalen he fenge noke å tenkje på. Han er næraste pårørande til fleire aktuelle kandidatar.
I fleire år he Otra IL premiert spreke sambygdinger som i løpet av ei helg he kravla seg opp på tre høge fjelltoppar – med ski på føtene. Ei kraftprøve. No vil idrottslaget utvide den lokale produksjonen av mjølkesyre. I 2010 vert målet å få dei same folka, og truleg endå fleire, opp på dei 10 høgaste toppane i kommunen. Ikkje på ei helg, men i løpet av sesongen. Himmelsyna, Svaba, Bertesknapen, Åpåsdalsknuten, Fennefossfjellet og Vorehei kan verte aktuelle destinasjonar. Det vert laga til eit eige poengsystem, og dei mest ihuga skiløparane fær ein ryggsekk i premie. Me ynskjer god tur – og oppmodar moglege deltakarar til å starte treninga omgåande. Tøff satsing av ein sprek 5o åring. Otra IL kan feire åremålsdag i 2010 – 50 år, og sprekare enn nokon gong. » Den store styrkeprøva» vert ei utfordring for meir enn berre jubilanten.





