Logo
Maskinsalg Honda1
Landbrukstilskot

Netthandel

Foto Flickr

Kronprinsvitjing114

Kronprinsvitjing113

Kronprinsvitjing112

Kronprinsvitjing111

Kronprinsvitjing110

Fleire foto

Panelhvitt

På sida no:

  • 0 Medlem.
  • 14 Gjester.

Dugnad ved Otrahallen

Trond Haukom17.mai komiteen på Hornnes he sagt at dei ikkje tykkjer noko om at Evjefolk krysser elva i samband med feiringa av nasjonaldagen. På trass av dette var Evjefolk  til stor hjelp då området rundt Otrahallen skulle klargjerast til arrangementet. 30 % av dei frammøtte til den annonserte dugnaden høyrer til i Evje røystekrins. Med berre 10 frammøtte totalt, så seier det seg sjølv at kvar ei rive var naudsynt. 17.mai komiteen på Hornnes var ikkje tilstades. Berre to representanter frå bygdelista og ein representant for arbeidarpartiet var tilstades frå heradstyret. Difor skal honndølane vere takksame for at nokon våga å krysse elva for å delta på dugnad. No er området kring Otrahallen klart for feiringa. Ein vonar det vert godt ver. På båe sider av Otra!

Ein pensjonera bilmekanikar, ein skogsentrepenør, ein storbonde og ein bussjåfør. Ja sviv ikkje klyppeaggregatet etter dette, vil det nok aldri svive...

Ein pensjonert bilmekanikar, ein skogsentrepenør, ein storbonde og dalens beste bussjåfør. Ja sviv ikkje klyppeaggregatet etter dette, vil det nok aldri svive...

Damene tok seg av beplatning....

Damene tok seg av plantinga....

..og reinsking av ugras!

..og reinsking av ugras!

Odd Harald trivast best i traktoren. Mange ryggar vart skåna.

Odd Harald trivast best i traktoren. Mange ryggar vart skåna.

Alt skulle rakast og pyntast.....

Alt skulle rakast og pyntast.....

..og sjølvsagt måtte det vatnast.

..og sjølvsagt måtte det vatnast.

Stengt for kommentarer.