Fleire lokale idrottsheltar var tilstades då Ole Fredheim presenterte planane for nye Trollbakken as, laurdag ettermiddag. Me kan nemne Geir Almås, Finn Larsen, Arvid Pedersen, Olav Aasland og Jon Terje Hegghaug. Hopplegenda Klemmet Torgersen var djupt sakna. Han he bakkerekorden, i gamle Trollbakken, på 39 meter. Den vert ståande i all æve. Bakken er historie. Klemmet er historisk.Ole Fredheim, Jørn Salvesen og Erik Risdal er ein trio som stend bak planane om eit nytt moderne hoppanlegg i Trollbakken. Laurdag fekk allmogen sjå planane på store plakatar. Åstaden var på «sletta» i den gamle, tradisjonsrike hoppbakken

God fart i tilløpet, spenstig på hoppkanten, høgt øve kulen, eit luftig svev og høge stilkarakter. No venter med på eit fjellstøtt nedslag. Planane om eit heilårs hoppanlegg på tuftene av gamle Trollbakken rykker stadig nærare noke heilt konkret. Kulturdepartementet, via Norges Skiforbund, er viljuge til leggje 800 000 kroner i potten for å leggje plast i den nye bakken. No må lokale styresmakter, ordførar og heradstyret på banen. Positiv uttale frå desse er heilt avgjerande for å kome vidare. Berre hoppbakken er kostnadsrekna til kring 11 mill kr. Trollbakken er eit – av totalt 6 anlegg i landet som skiforbundet no satsar på. Det same gjer Agder og Rogaland skikrets.

Storhopparen GeirAlmås (t.v.) greier ut om planane for fotballegenda Arvid " Bollis " Pedersen.
Fredheim er klinkande klar på at dette nye anlegget må drivast på komersiellt vis. Tida me dugnad og kakelotteri er forbi i slike samanhenger. Det vert lagt opp til heilårsdrift. Plasseringa av anlegget er perfekt. Kort avstand til sentrum, til butikkar til kaffestover og til restaurantar. Det er slutt på den tida då ungdomen frå Evje sykla til Flatebygd og bygde seg hoppbakke.
Sumarstid kan anlegget nyttast til rekreasjon, terrengsykling, klatring – og ikkje minst som ein lokal konsertarena. Ein ser for seg eit Holmenkollen i miniatyr. På vinterstid leggjast det planar om hoppbakke, alpinbakke og kan hende ein heilårs akebakke. Kort avstand frå bakken ligg skeisebanen og om kort tid kjem nok ein ny kunstgrasbane i grannelaget. Evje kan snart arrangere » Compact Games » – heilt i tråd med tankane til moderne idrettsleiarar og i tråd med den Olympiske Ånd.

Ein viktig bolk av lokal hopphistorie. Jan Terje Hegghaug (t.v.) og Olav Aasland.
Midtvegs mellom hoppbakken – og den nye kunstgrasbanen – drøymer Ole Fredheim om eit lokalt skimuseum. Bygda vår he djupe tradisjonar og mykje å vere stolt av når det gjeld både hoppsport – og langrenn. Slikt må takast vare på. Målet er å samle all, lokal skihistorie under eitt tak.

Ida Bjorland Uleberg er eit av våre store hopptalent. Jenta vart landskjend då ho tidlegare i vinter truga sjølvaste ordføraren med omtale på moisund.com dersom han ikkje velsigna dei nye planane for Trollbakken. Ungjenta er like kompromisslaus i dag. Bygdebladet på Moi vert informert frå time - til time. Ordføraren må skjerpe seg.
Anlegget som Ole Fredheim presenterte på laurdag er unikt i nasjonal samanheng. Planane tykkjest vere solid fundamentert. Røynde, kapitalsterke investorar stend bak. Bygningsmatriala ligg ferdig kappa, impregnert og lagra på Evjemoen. Trebyggeriet på Hornnes treng varsel ei veke i førevegen før dei er klare på åstaden. No må ordførar og politikarar tone flagg. Snart kjem representantar for Norges Skiforbund på synfaring. Då må prosjektet ligge klårt og djupt forankra i lokal velvilje – signert Bjørn Alfred Ropstad. Ordførar. Skiforbundet he altså løyvd 800 000 kroner til å leggje plast i bakken. Dette må gjerast innan utgongen av 2010. Tida er knapp. Prosjektet er spanande. Prosjektet er unikt i nasjonal samanheng. Me venter på nedslaget. Her treng me truleg eit skikkeleg, fjellstøtt Telemarksnedslag.



Dag Svenning, tidlegare midtbanestrateg på fotballaget til Otra, var hjarteleg tilstades. Alltid ein god kommentar. Ikkje alt som høver seg på prent.

Finn Larsen. Lokal idrottslegende som fydde svært nøye med då Ole Fredheim presenterte planane for nye Trollbakken.







































