Logo
Maskinsalg Honda1
Evjetun-logo

Trykk på bilete for å lese meir

Kva skjer?

Landbrukstilskot

Netthandel

Panelhvitt

På sida no:

  • 0 Medlem.
  • 18 Gjester.

Ellings Hage – ei oppkome av mat og kultur.

matkultur-010Det tek til å verte grønt i liene kring den vesle fjellbygda Eikerapen i Åseral kommune. Dei 7 fastbuande he vinka farvel til dei siste skituristane, og ser nok fram til nokre veker for seg sjølve. Fred og ro. Gauken gjel og er stort sett den einaste som bryt stilla på fine vårkveldar. Elling T. Eikerapen sit på tunet, i den vidgjetne hagen sin. Ellings Hage. Det har vorte så einsamt på tunet etter at bikkja, den gode venen, så uventa gjekk bort sist haust. Livet må gå vidare. Ute på på Øre vakar auren. På låvebruna ligg katten og leikar seg med den fyrste fivrellen.  Om to månader he truleg kåte gitarstrenger og buldrande basstoner skremd livlorten av både katt og fivrell. Elling T. Eikerapen sit like roleg. På hagebenken. Om to månader.Onsdag 29.juli brakar det laus med den 6.utgåva av Eikerapen Roots Festival. Tusenvis av glade og yre festivaldeltakarar he alt merka av denne datoen i almanakka. Festivalen er kjend for å hente musikarar frå øvste hylle. Det vert ikkje annleis dette året. Namn som Hellbillies, DDE, Rita Eriksen, Jonas Fjeld, Vennesla Pizza & Rock’n Roll Band og Sigvart Dagsland bør få det til å rykkje i lekamen på nokon og ein kvar.

Ellings Hage er som du skjønar ein intim og åneleg arena. Her kan du liggje på grasvollen, med kjærasten i armkroken, og lye til svingande toner på fleire tungemål.  Me kan nemne artistar som Stein Torleif Bjella, Empty Bottles Broken Hearts, Narum – og ikkje minst Trym Bjønnes. Vert du turr i kråsen og surren i hovudet så vil Elling T. Eikerapen servere deg iskald saft, bryggja på omtrent økologiske ber frå eigen hage. Ellings Hage. Gled Dykk – og ver velkomne alle i hop. Fredag 31.juli vert det m.a. god gamal coyntrymusikk, med røter til 40 – 50 – og 60-tals honky tonk. Inspirasjonen er henta frå t.d. Buck Owens, Loretta Lynn og Hank Williams. Åstaden er Ellings Hage – og truleg trekk gauken innøve mot Lordehytta denne kvelden. roots-016

Stengt for kommentarer.