x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

mai 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr   jun »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
logo-gsi

Hornnes Mustang Club

logo-mustang-12Du er nok ikkje den einaste i bygda som ikkje he sett denne flotte logoen tidlegare. Hornnes Mustang Club. Ikkje ope medlemskap for alle og ein kvar. Interesse – og eigarskap til ein gamal og ærverdig Ford Mustang er føresetnad for å få medlemskort på glansa papir.  I skrivande stund er det 3 medlemmer i klubben. Frank Uleberg er president, Helge Tørresen er vicepresident og Yvonne Kallhovd er fast medlem – utan utvida tillitsverv. Klubben, eller losja om du vil, vart starta i 2005. No vil dei i tillegg syne seg fram for allmogen. Fyrstkomande helg bed dei inn til «treff » på Kilefjorden Camping. Det heile tek til fredagskvelden kl 17:00 – og så held stemnet fram med eit omfattande program heilt til  det er tid for heimreise ei gong i løpet av sundagen.  Arrangørane gjer merksam på at dette treffet er opent for alle som køyrar AmCar. Ikkje berre Ford Mustang.Fredagskvelden vert det ei kraftig matøkt kring grillen før møtelyden samlar seg ved leirbålet. Her vert det garantert god stemning, allsong og frie vitnesbyrd om verdas beste bil. Ford Mustang.

Presidenten syner stolt fram sin Mustang 64-mod.

Presidenten syner stolt fram sin Mustang 64-mod.

På laurdagen vil stemnedeltakarane køyre rundt i bygda og syne fram dei flotte bilane sine.  Det vert mellom anna lagt opp til ei fartsfyllt kaffepause på gokartbanen på Moi. Dei vert sjølvsagt å sjå i Evje sentrum i løpet av sabbatten. Til sist kan me leggje til at i fylgje  eit sentralt medlem i klubben så er det venta stemnedeltakarar frå heile Sørlandet.

Helge Tørresen med sin Ford Mustang 65-mod.

Helge Tørresen med sin Ford Mustang 65-mod.

Denne blankpolerte 66 modellen tilhøyrer Yvonne Kallhovd

Denne blankpolerte 66 modellen tilhøyrer Yvonne Kallhovd

preisdent-og-vice-president

Stengt for kommentarer.