x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

mai 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr   jun »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
logo-gsi

Dei tek vare på Kong Vinter.

skiPå Moi he busetjarane så smått teke til å børste støv av plenklypparen. Kyrelorten vert spreidd ut øve jordlappane i tonnevis – og i dei nye bustadfelta er folk i full sving med oljing av terassen og klargjering av yacten til den fyrste sumarkvelden på åna. Du kjenner eimen av sumarkottelettar og svidd griullpylse mest kvar einaste kveld.  Øvst i dalen, på Hovden, samlast folk i desse dagar til ei merkeleg form for tidtrøyte. I hopetal møtast dei, med snøskuffe, snøfræsar og sørlandsskuffe. Dei pakkar inn – og tek vare på snøen som fall i fjord.Fulle av glød, pågangsmot og sansen for det gode liv. No vil ein gjeng eldsjeler skipe til » Rekordfestival » på Hovden.  Midt i august. Eit omfattande og spanande program som tek til fredag 15.august. Åstaden for stemnet vert Hegni Friluftsområde. Her vert det aktivitetar, tevlinger og rekordforsøk både på land – og på vatn. Konsertar og etegilde med stjernehimmelen som tak. Vidgjetne artistar er alt hyra inn og gjestelista vil vekkje åtgaum langt ut øve Hovden røystekrins.

bilde-2

Tysdagskvelden denne veka var dugnadsgjengen samla til innsats. Tilsaman 4000 kbm snø vart køyrd i haug. Snøhaugen vart dekka med 40 kbm sagespon og 480 kvadratmeter med presenning. Eit imponerande arbeid – og ein gjeng som verkeleg he tru på at dette kan verte himlande moro.bilde-7

Det skal tevlast i mange ulike idrottsgreiner. Me kan nemne:  Slakk line øve bukta i Hegni, sykkeltevling, pallestafett på Hartevatn, Big Jump på ski ,treklamring, slalomstøvelboccia -  og så uendeleg mykje meir. Laurdag morgon vert det dekka til morgonmat ved eit langbord  i strondsona.

Ein stolt og forventningsfull dugnadsgjeng

Ein stolt og forventningsfull dugnadsgjeng

Stengt for kommentarer.