For få månader sidan vart meir enn halvparten av dei tilsette hjå lokale båtprodusentar oppsagde. Den internasjonale finaskrisa fær skulda for at etterspurnaden etter nye båtar fall som ein stein til jorda. No he marknaden snudd. Nye, blankpolerte plastbåtar er i skotet som aldri før. I fylgje eit oppslag på NRK- Sørlandet si nettside i dag, er det full fart i m.a. produksjonslokala hjå Skibsplast på Evje. Dei tilsette, 20 i talet, må no beint fram arbeide øvetid for å kunne levere rett produkt til rett tid.





