Skal ein klare å finne fram så er ein avhengig av god skilting. Det er og viktig at denne skiltinga er konkret slik at ikkje er i tvil om kor ein er – og kor ein skal. Me har fått tilsendt eit par bilete frå observante lesarar som har vore på tur i skog og mark. Dei fann skilt som kanskje ikkje fortalte så mykje og med alvorlege stavefeil som vil få ein kvar norsklærar i skulen til å setje kaffen i halsen…

At køyring er fobode er greit, men kva er LYSLYØPE??? (Foto Weche Renwic)

Dette bilete er teken på byte mellom Bjelland og Åpåsland av Fylkesgrenseekspeditør Grendstad!





