Det dukker stadig opp nye sosiale nettverk og nye nasjonale samskipnader på vår endelause ferd gjennom nedre Setesdal. Sundag ettermiddag var det ei stor samling av bussar som vekkja mykje åtgaum då me passerte Neset Camping, heilt sør i enden av Byglandsfjorden. Gradestokken i bilen synte 25 grader. Kring bussane, på grasvollen, låg det mykje lettkledde folk og sleikja sol. Både born og vaksne. Det lukta ei blanding av diesel, grillmat og solkrem. Kva var det eigentleg som gjekk føre seg på ein av dei finaste campingplassane i heile dalen.

I ein skugge, mellom to store bussar, tek me bordsete i hop me ei triveleg jente frå Egersund. Rita Solberg er på campingbusstur i hop med mannen Edmund Ousdal og to born. » Dette er det gode livet» seier Rita og me ser at ho trivast. I bussen he dei alt dei treng. Kjøkken og stove – bad og toalett. «Klesvasken tek me når me kjem heim.» Edmund og dei to borna er ute i båt på Byglandsfjorden.

Tonje Marie (8) tykkjer det er heilt topp å vere på campingbusstur. Ho var nok eit grann skeptisk til den ukjende bladfyken, og plasserte seg trygt i fanget til Rita.
» Campingbussens venner » er ein landsdekkjande samskipnad, og må ikkje forvekslast med dei som driv med bubilar og campingbilar. Det er ein heilt annan divisjon dersom me skjøner Edmund heilt rett. Me nikker og samtykkjer og er einig i alt. Edmund er ein røsleg kar. Av det slaget du helst er einig med. Alt anna vil truleg vere fåfengt. Ein gild gut som heilt he mista øvesikten på kor mange timar han he brukt på å byggje om bussen – frå turistbuss til campingbuss. Denne helga stod 40 slike ombygde bussar på rekkje og rad på Neset Camping.

Det er god plass i bussen. Medan folk i tradisjonelle campingbilar berre fær med seg det aller mest naudsynte - he Rita og Edmund ein lastekapasitet på 3 tonn
Bussen som familien køyrer er av merket MAN, men er likevel noke spesiell. Heile karosseriet er av rustfritt stål, og Edmund rekner med at denne doningen skal vare livet ut. Han he ikkje konkrete planar om å starter byggjing av ein ny campingbuss. No skal livet nytast – og levast. Mannen lever eit liv på landevegen. Når han ikkje køyrer camingbuss i hop med Rita så køyrer han lastebil for Nortura på Forus. Eg takker høfleg for praten og me nevast til avskil. Det håndtrykket kjenner eg ennå. Ein kraftkar – men du verden så gilde folk å tale med. 





