Eikerapen Roots Festival er ikkje berre for vaksne. Barneroots er arrangørane sin eigen barnefestival som er fylt til randen med musikk, teater, leiker, gjøgling og masse moro for born og unge.
Barneroots er ein heilt gratis festival som foregjeng på festivalområdet på Eikerapen laurdag 1. august fra kl 12 til 16. Årets program er meir innhaldsrikt enn nokon gong og inkluderar mellom anna ti konserter med diverse unge artister fråUngdommens kulturmønstring, sirkusskule med Taraxacum, barnejam, svampekasting, barneteater med Laffen & Kikka, ansiktsmåling, roots-sti og masse meir.
Som vanleg opptrer og det nærast legendariske Vennesla Pizza & Rock´Roll Band. Årets konsert blir ein viktig del av ein dokumentarfilm om bandet, som blir laga av Dan Korneli og Steffan Strandberg.

DDE gav gjengen i Vennesla Pizza & Rock’n Roll Band eit minne for livet under fjorårets arrangement. I år kjem dei tilbake...alle i hop!

- Bilete frå barneroots 2008
Les meir på www.eikerapen.com





