x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

35 km med ny asfalt i Åseral

ljosland-juni-2009-005Medan mange kommunar rundt omkring slit med dårleg asfalt og mangelfullt vedlikehald på dei kommunale vegane så må Åseral kunne seiast å vere årets vinnar hjå Statens Vegvesen. Ein kommune kor grusveg er sjeldant å sjå. I år skal det leggast heile 35 km med ny asfalt i hyttekommunen i vest. Eit spleiselag mellom kommunen og Statens Vegvesen gjer dette mogleg. Ei investering for framtida som gjer ein sundagstur i Åseral til ei god oppleving.

Alt neste veke tek arbeidet til. Vegen mellom Kyrkjebygd og Ljosland skal asfalterast. Grunnarbeidet er i gong slik at ein i god tid før hausten skal kunne kjenne eimen av nylagt asfalt oppetter heile dalføret. I tillegg skal det og asfalterast på strekninga mellom Svindal/Mjåland, Austegard/Espelid, Geiteskarvegen og Logna/Bortelid. Heile 3,5 mil av kommunen skal få nytt dekke i løpet av hausten. På ein snartur mellom Kyrkjebygd og Ljosland kunne ein no telje 2 gravemaskinar, 2 traktorar, 1 veghøvel, 1 hjullaster og ein borerigg. I tillegg hadde Risa konsernet 4 raude biler i sving.  Alle var dei opptekne med nadsynt vedlikehald før asfaltfolka kjem neste veke.

ljosland-juni-2009-001

Stikkrenner skal bytast ut og klargjerast for asfalten som kjem.Dynamittsalver smell tett som nyttårsraketter på Ljosland

Stengt for kommentarer.