x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Otra IL er fylkesvinnar!

otralogo1.mars 2009 vart det innført som ei ny ordning om at lag og foreining kunne få 5% tilbake av innsatsen på spel i Norsk Tipping. Grasrotandelen som dei fleste sikkert har høyrt om. I samband med dette er dei fyrste tala klare for kva beløp som vert tilbakeført til dei einskilde lag i Agder. Her er det Fotballklubben Vindbjart (kr 132 989,-) som får mest i Agder. Deretter kjem Håndballklubben Våg (kr 98 755,-). På ein solid tredjeplass i eit samla Agder og på topp i austfylket finn ein så Otra IL (kr 91 578,-).Dette må kunne seiast å vere eit godt resultat. Ein ser at vervekampanje nytter. Dersom du ikkje har registrert deg i grasrotandelen endå så må du få gjort det så snart som mogleg! Er du i tvil om korleis du gjer dette? Sjå tidlegare artikkel om dette under…

Grasrotandelen tilbake til lokale lag/foreiningar

Frå 1. mars 2009 kan du sjølv vere med å bestemme kven som kan motta inntil fem prosent av det du spele for hos Norsk Tipping. Grasrotandelen ser dagens ljos no i mars, og her ser du korleis du kan støtte din lokale klubb, lag, organisasjon eller foreining.

Grasrotandelen er ei ordning som gjer at du som spiller sjølv kan bestemme kor litt av overskotet til Norsk Tipping skal gå. Føresetnaden er at lag eller foreininga du ønskjer å knytte til deg, er registrert i Frivillighetsregisteret og godkjent som grasrotmottaker.

For meir opplysningar kan du gå inn på www.grasrotandelen.no

Stengt for kommentarer.