Eikerapen er kjend for ein eineståande musikkfestival i eit attraktivt hytteområde. Det er no. Om nokre år kan dei og bli kjende for heilt andre ting. Sist veke vart det planta 50 nye planter tett attmed fjosveggen og mittinga. Det er ikkje heilt ordinære planter det er tale om. Om nokre år vil ein kan hende få servert heimelaga vin under roots festivalen. Brygga på druer frå Eikerapen. Kortreist mat kan du vete. Frå før har dei «Eikewrappen», lokal heimebaka lefse med tilhøyrande lokalt sauekjøt. I tråd med festivalleiinga så vert det stadig tenkja nytt i den lisle grenda med 7 innbyggjarar -og ein avliden hund.

50 drueplanter er sett i produksjon. Med talle frå mittinga som gjødning.





