Me vart beden på rekefest i regi av Iveland Høgre. Truleg det gildaste politiske møte den vesle redaksjonen he vore på så langt. Valkampen he byrja, og i kulturbygda Iveland ligg dei så visst ikkje på latsida. Dei var samla på grasvollen i heimen hjå Per og Liv Moi. Kraftige vindkuler fekk det meste av lausøyre til å sveve høgt øve den velstelde eigedomen. Stortingskandidat Svein Harberg var ikkje det minste i tvil om at detta var ein kraftig, men vedvarande, «Høgre-vind.» Leiaren i lokallaget nikka samtykkjande.

T.v. Stortingskandidat for Høgre i Aust Agder, Svein Harberg. I bakgrunnen den vidgjetne skogsentrepenøren, og leiar av lokallaget, Per Moi.
Iveland Høgre er eit aktivt lokallag med kring 20 medlemmer og 2 faste representantar i heradstyret. Tysdagskvelden vart det beden inn til fest i heimen hjå Per og Liv Moi. På matsetelen stod reker og loff med tilhøyrande alkoholfri drykk. Sumarkvelden var varm og stemninga inne i hagestova var svært god. Mange gode replikkar og eit og anna politisk utspel. Utan å vere ugild med nokon så må ein vel seie at det var Svein Harberg som var hovudgjesten denne kvelden. Ein svært talefør gut som no tek sikte på fast sete på Stortinget. Han vil vonleg få god hjelp av sine losjebrødre i Iveland. Harberg he tidlegare vore ordførar i Grimstad og sit no jamsides med Inger Juvastøl i Fylkestinget.

Eit bel vart stemninga så laussluppen at lokallagsleiaren beint fram måtte kontrollere om det verkeleg var "Munkholm" på dei brune flaskene. Med Stortingskandidaten som vitne vart dette stadfesta. F.v. Alfred Fjermeros, May Britt Toppland, Liv Moi, Svein Harnerg og Per Moi
Å spørje ein Stortingskandidat om kva saker han, og partiet, skal vinne valet på er kan hende ikkje så lurt. Då bør ein truleg setje av meir enn ein kveld. Harberg var likevel klinkande klar på at m.a. skule – og samferdslepolitikk vert viktige saker for Aust Agder Høgre i denne valkampen. Ei kraftig opprusting av stamvegnettet og samankopling av Vestfoldbanen og Sørlandsbanen er stikkord i denne samanheng. Harberg er au fast i trua på at Kjevik må, og skal, vere hovudflyplass på Sørlandet i uoverskueleg framtid. » Det er viktig at me alle er samde om dette.» Då tenkjer han truleg tverrpolitisk, og ber dei som tenkjer på Gullknapp i denne samanheng om å plante båe føtene trygt på bakken.

Thor Homme he vore revisor i lokallaget i ein mannsalder, og vel så det. Han hadde nok vore meir komfortabel med elgsteik og nygrodde potits på tallerkenen. Ein ekte Ivelending er ikkje vand med å ete kveldsmat utan kniv og gaffel. Det såg eit grann tvørkeleg ut.
Svein Harberg er uroa med tanke på utviklinga i politi – og lensmannsetaten. Sumarstengde lensmannskontor kling kleint i øyro på ein vaskeekte Høgremann. «Det høyrer ikkje nokon stad heime at lensmannskontora vert stengd på sumaren når bygd- og by vert fylld opp med sumarturistar. Mange stader vert folketalet dobbla, og meir enn det.»
Me kjem attende til unge Harberg ved eit seinare høve. Seinare i valkampen. Ein gild gut med klåre meininger. Klår tale, slik me likar det hjå moisund.com. Konklusjonen må vere at dersom alle høgrefolk er like gilde som dei me møtte i Iveland denne kvelden, ja då undrar det oss mykje om ikkje Høgre i Aust Agder kjem til å gjere eit godt val. Då fortener dei det.

Etter kvart fekk Thor Homme eit par fat med vatn slik at han kunne reingjere lekamen etter eit særs godt måltid.. Biletet syner og at Hans Ivar Leesland (t.v. ) tok godt til seg av matfatet. Matøkta vart eitt av mange høgdepunkt.






